annonse

Alvorleg ulukke i Halsnøytunnelen

Alvorleg
Alvorleg: Ein bil med seks personar køyrde i tunnelveggen i Halsnøytunnelen rundt midnatt. Tre av desse er alvorleg skadde. Biletet er frå ei tidlegare ulukke i Halsnøytunnelen. Arkiv (Foto: Anders Totland)

Seks til sjukehus etter at bil køyrde i tunnelveggen.

Magne Kydland

Fem personar er frakta med luftambulansen til Haukeland universitetssjukehus, og ein er frakta med ambulanse til Stord sjukehus etter ei alvorleg ulukke i Halsnøytunnelen i natt.

Ulukka vart meldt rett rundt midnatt, og tunnelen var stengd i fleire timar i natt, medan etterforsking og oppryddingsarbeidet gjekk føre seg. Tunnelen vart opna att rundt klokka 04.

Ifølgje Helse Bergen si presseside er tre menn alvorleg skadde. Ein av dei er 19 år, dei to andre 20. Ein mann på 20 og ein på 22 år er lettare skadde.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle, seier til bt.no at politiet ikkje veit kva som er årsaka til ulukka, men seier at bilen «neppe har køyrd under fartsgrensa».

Det er ikkje mistanke om at sjåføren har vore rusa, men det er rutinemessig teke blodprøve.

Fartsgrensa i tunnelen er 80 km/t.

– Patruljen opplyser at spor på staden tyder på at farten neppe har vore under fartsgrensa, men dette må den vidare etterforskningen klarleggja. Det er ingen tvil om at det har vore ein kraftig kollisjon i fjellveggen. Bilen er registrert for fem personar, og det var seks i tunnelen då me kom fram, seier Geitle til bt.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut