annonse

An­ge­li­ca (41) gjorde draumen til verkelegheit

Vak­sen­opp­læ­rin­g
Vak­sen­opp­læ­rin­g: Nee­ta Sankholkar (t.v.) av­de­lings­lei­ar ved Senter for vak­sen­opp­læ­ring på Stord vgs., her saman med tid­le­ga­re elev An­ge­li­ca Ama­ral, som studerte her i eitt år. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Senter for vaksenopplæring legg inn of­fen­si­ven til haus­ten – medan An­ge­li­ca Ama­ral (41) deler si his­to­rie frå den in­ten­si­ve ut­dan­nin­ga.

  • Henrik Mundal Andreassen

Då An­ge­li­ca Ama­ral frå Bra­sil flyt­ta til Sveio i lag med sin nors­ke ek­te­mann for fem år si­dan, bestemte ho seg for å utvida ho­ri­son­ten ved å ut­dan­na seg, sidan den vi­da­regå­an­de ut­dan­nin­ga ho had­de teke i Brasil ik­kje var gyldig i Norge.

– Først vart eg jo heilt paff og trud­de eg måt­te gjera det om att. Språk­opp­læ­ring og alt, sei­er ho.

Heiv seg på

Ama­ral har budd i både Bra­sil, Ne­der­land, Eng­land og Norge. Ho har fire born, og har job­ba i flei­re år i bar­ne­ha­ge i Sveio.

– Eg fekk god støt­te frå fa­mi­lie og ar­beids­gje­var, og kom i di­a­log med vaksenopplæringssenteret, sei­er Ama­ral, som for­tel om stor spen­ning då ho haus­ten 2015 star­ta på den eit­tå­ri­ge ut­dan­nin­ga, som skulle gje ho ge­ne­rell stu­die­kom­pe­tan­se.

– Det bar laus med alle fag på ein gong – norsk, en­gelsk, mat­te, his­to­rie, sam­funns­fag og na­tur­fag, humrar Ama­ral, som inn­røm­mer at det var tøft.

– Eg mer­ka at eg hang et­ter dei an­dre i klas­sen som had­de norsk som mors­mål, spe­si­elt i nors­kundervisinga var det ut­ford­ran­de. Eg bes­tem­te meg di­for raskt for at må­let mitt ik­kje var å få dei bes­te ka­rak­terane, men å få be­stått, sei­er Amaral, som fortel at også lærarane gav god støtte og ståpåvilje. Et­ter eit in­ten­sivt år med pend­ling mel­lom Stord og Sveio, kun­ne ho en­de­leg pus­ta let­ta ut. Ho be­stod ek­sa­me­na­ne, og ei bør var letta av skuldrene.

– Då gjekk eg rundt og klem­te alle saman, at det skul­le gå så bra var ei kjempeoverrasking.

– Kva er dine beste tips til andre som vurderer dette?

– Sjølv fekk eg god hjelp av mannen min som er norsk. Og ei venninne i klassen som eg jobba mykje i lag med. Elles var det mykje studering då eg kom heim frå skulen, sjølv om eg hadde forpliktingar der, seier Amaral.

Studieteknikk

Ifølgje ho er det viktig å prioritera rett. Og å arbeida hardt.

– Det første eg gjorde då eg kom heim frå skulen var å finna bøkene, og lesa raskt over sidene før eg laga mat til familien, og til slutt jobba med oppgåver, held ho fram.

I dag studerer ho økonomi på NHH i Bergen, og stortrivst med studiane, sjølv om det kan vera utfordrande. Ifølgje avdelingsleiar Neeta Sankholkar i Senter for vaksenopplæring, er dette ei solskinshistorie, og ho rosar Amaral for prestasjonen.

Ho fortel at vaksenopplæringssenteret i regi av fylkeskommunen kjem med fleire nysatsingar på planen til hausten.

– Nytt for kommande skuleår er at me har søknadsfrist. Då sett til 1. juni. Me fortset med generell studiekompetanse, denne gong over to år, og me tilbyr også utdanning innan kontor- og administrasjon, helsearbeidarfag, reinhaldsoperatørfag, logistikkfag, og barne- og ungdomsarbeidarfag, seier Sankholkar.

Utdanninga er gratis for dei med vaksenrett, medan andre også kan få tilbod om plass dersom det er ledig.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.