annonse

Angeltveit får støtte frå rådmannen

Initiativtakar
Initiativtakar: Geir Angeltveit (biletet) har teke initiativ til å starta opp ein folkehøgskule. Rådmann Magnus Mjør ser positivt på planane. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Rådmannen i Stord meiner at folkehøgskule på Stord er eit positivt initiativ.

Hilde Vormedal Nybø

Som Sunnhordland har skrive tidlegare ønskjer Geir Angeltveit å starta opp Stord folkehøgskule. Han peiker mellom anna på lokala som i dag huser asylmottaket på Litlabø som ein aktuell plassering.

Angeltveit har invitert Stord kommune til å vera med i eit interimsstyret for folkehøgskulen. Saka skal opp i formannskapet den 31. januar.

Rådmannen skriv i innstillinga til politikarane at ein er samd i at det må gjerast eit godt og grundig arbeid for å få etablert ein folkehøgskule i Stord.

– Suksessfaktorane vil først og fremst vera at ein utviklar eit godt konsept og at skulen for ei attraktiv plassering. Det er populært å gå på folkehøgskule, men det er også mange tilbod og stor konkurranse. Rådmannen meiner likevel at dette er eit positivt initiativ som kommunen bør støtta ved å gå inn i interimsstyret, skriv Magnus Mjør.

Rådmannen, som gjer framlegg om at formannskapet bør peika ut ein til to personar som kan sitja i eit slik styret for å jobba vidare med planane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut