annonse

Angeltveit stiller til attval

FØRSTEKANDIDAT
FØRSTEKANDIDAT: Geir Angeltveit stiller til attval som førstekandidat for Stord Venstre. (Foto: Marius Knutsen)

Henrik Mundal Andreassen

Stord Venstre melder at Geir Angeltveit stiller til attval som førstekandidat for partiet.

– Geir har vist seg som ein kunnskapsrik, ærleg og heiderleg representant, han er tydeleg i debattar om utviklinga av Stord og har løfta mange viktige saker på oppvekst og skule, miljø og næringsutvikling, seier lokallagsleiar Håkon Frode Særsten i ei pressemelding frå Stord Venstre.

Ifølgje nominasjonskomiteen, som består av Astrid Larsen, Odd Stuve Rommetveit og Håkon Frode Særsten, er Angeltveit ein dei har tillit til, og med han i spissen har lokalpartiet vore eit tydeleg og ansvarleg sosialliberalt og grønt alternativ til det raude og det blå.

Les også: Geir Angeltveit provosert over transportselskap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut