annonse

– Ap er passive

: Leiar i SV, Audun Lysbakken, var i går på Stord for å henta argument til kampen om å bevara akuttkirurgien på Stord.
(Foto: KRISTINA HAUGLID)

Leiar Audun Lysbakken i SV vil fremja forslag om å bevara akutt- kirurgien på Stord sjukehus.

  • Anita Haugland

– Eg har notert med at også Arbeidarpartiet har vore på besøk ved Stord sjukehus. Sjølv om det blei sagt at dei er optimistiske i forhold til å bevara akuttkirurgien på Stord, så meiner eg dei er passive. SV vil no fremja forslag om at kvart enkelt parti tek stilling til om dei vil bevara akuttkirurgien på dei fem sjukehusa som står i fare for i mista tilbodet, i samband med handsaminga av sjukehusplanen, seier leiar Audun Lysbakken i SV, til Sunnhordland.
 
 
 
– Sunnhordland-regionen er i stor vekst, og difor meiner er det blir feil å byggja ned sjukehuset på Stord, legg han til.
 
 
 
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) sin sjukehusplan har hausta stor motstand, og før jul var mange tusen personar med på fakkelmarkering for Stord sjukehus.
 
 
 
Les også: Helseminister Bent Høie kjem til Stord på fredag
 
 
 
– Det er to hovudgrunnar for at eg kjem til Stord i dag. Den første er for visa mi støtte til pasientar, tilsette og innbyggjarar på Stord. Det andre er for å møta tillitsvalde ved sjukehuset. Det blir viktig for meg å høyra deira argument, slik at eg kan ta det med meg vidare når eg skal jobba får å bevara akuttkirurgien, seier Lysbakken.
 
 
 
Han meiner at dersom sjukehusa blir ståande på lista den omtala lista i forslaget frå Høye, så betyr det grønt lys til helseføretaka, for å leggja ned tilbodet om akuttkirurgi.
 
 
 
– Dersom politikarane ønskjer å behalda desse tilboda, så må ein visa det, og det kan ein gjera ved å ta dette til Stortinget.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut