annonse

Ap vil ha prosess med reguleringsplan

Seglneset
Seglneset: I dette området ønskjer Sunnhordland Naturgass å få opp ein biogassfabrikk. (Foto: Marius Knutsen)
Alternativ
Alternativ: Stord Ap og leiar Katrin I. Ankervold meiner alle partar må få komma til ordet, og at Stord kommune eventuelt må hjelpa til med alternativ tomt til Sunnhordland naturgass. (Foto: MARIUS KNUTSEN / arkiv)

Stord Arbeidarparti ønskjer full reguleringsplanprosess for biogass-etableringa.

Hilde Vormedal Nybø

Uroa rundt det planlagde biogassanlegget på Seglneset var tema på styremøte i Stord Arbeidarparti måndag. Her blei det fatta dette vedtaket:

– Stord Arbeidarparti ønskjer velkommen ei biogassatsing på Stord. Dette er ein framifrå bidragsytar til at Stord kommune kan nå miljømåla sine. Styret i Stord Arbeidarparti ber om at utbygginga av eit biogassanlegg på Seglneset vert underlagt ein fullstendig reguleringsplanprosess, dette for å sikre at alle partar får komma fram med sine synspunkt.

Les også: Heidi Beate kan få biogass-fabrikk ti meter frå huset sitt

Alternativ
Alternativ: Stord Ap og leiar Katrin I. Ankervold meiner alle partar må få komma til ordet, og at Stord kommune eventuelt må hjelpa til med alternativ tomt til Sunnhordland naturgass. Foto: MARIUS KNUTSEN / arkiv

Stord Ap meiner også at kommunen eventuelt skal hjelpa til med andre tomter.

– Stord Arbeidarparti er oppteken av at dei som vert naboar til eit slikt anlegg i minst mogeleg grad vert uroa av ein slik produksjon. Om det i denne prosessen skulle syne seg at Seglneset ikkje er eigna til produksjon av biogass så vil me oppmoda Stord kommune om å gå i dialog med utbyggjar for å greie ut alternative plasseringar for biogassanlegget. Dette kan til dømes vera tomter som Stord kommune i dag har hand om og som oppfyller mange av dei kriteria som utbyggjar er på jakt etter. Me har ei forventning om at kommunen retter seg etter desse tre punkta i det vidare arbeidet, står det i vedtaket frå Stord Ap.

Les også: Jan Kåre Pedersen har hatt møte med andre kommunar

Krav til biogassanlegget. Arbeidarparti har fatta dette vedtaket i styremøtet måndag kveld: • Stord Arbeidarparti...

Posted by Stord Arbeidarparti on 12. mars 2018
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut