annonse

Apply TB blir Teknisk Bureau

Nytt namn
Nytt namn: Desse lærlingane representerer framtida i det som no blir heitande Teknisk Bureau. Biletet er teke i fjor haust. Mari Stormark Helland (frå venstre), Andreas Kvalvik, Martin Toft, Håkon Skogseide, Morten Danielsen Tyse, Amalie Erdal, Hilde Thunem, Marcus Ersland Sivertsen, Joacim Eide Solbakken og Stian Hansen Tveit. Jonas Tungeland var ikkje til stades når bilete vart teke. (Foto: Arkiv)

Magne Kydland

125-årsjubilanten Teknisk Bureau gjenoppstår etter å ha levd under namnet Apply TB sidan 2009. Namnebytet markerer slutten på ei større restrukturering, der hovudeigar HitecVision investerer 70 millionar kroner for å styrkja Teknisk Bureau si rolle som ein leiande, teknisk totalentreprenør på Vestlandet, heiter det i ei pressemelding.

Teknisk Bureau blei etablert i Stavanger i 1893. Bergenske NSI Svein Hatvik AS og Asator på Stord, tidlegare Sunnhordland Elektro og Aker Elektro, er andre tradisjonsrike bedrifter som dei siste tiåra har komme med i konsernet, som no på mange måtar vender tilbake til røtene.

Teknisk Bureau leverer alt teknisk til nybygg og rehabilitering innan elektro, røyr, kjøling, ventilasjon og automasjon. Selskapet har til saman 530 tilsette i Bergen, Sunnhordland, Haugesund og Stavanger, og omsetnaden er på rundt 730 millionar kroner.

Teknisk Bureau blei skilt ut frå Apply-konsernet for fem år sidan, men har fram til no framleis nytta Apply i namnet sitt.

Lokalt har Teknisk Bureau 160 tilsette under region Sunnhordland fordelt på Stord, Kvinnherad og Bømlo. Hovudkontoret ligg på Heiane, medan dei har montørkontor i Kvinnherad og på Bømlo.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut