annonse

Arbeidsløysa på Stord har ikkje vore lågare sidan 2014

Fleire jobbar
Fleire jobbar: Med Kværner i spissen har aktiviteten og arbeidsmarknaden i Stord snudd. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

På eitt år er arbeidsløysa på Stord nesten halvert.

Hilde Vormedal Nybø

– Me må tilbake til desember 2014 sist arbeidsløysa var like låg. I oktober 2017 var arbeidsløysa 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på 37 prosent i forhold til oktober 2016. Det er 730 heilt arbeidsledige i Sunnhordland, og det er 421 færre enn i fjor, skriv Sindre Vikanes, marknadskoordinator i NAV, i ei pressemelding.

Snudd i Fitjar

Arbeidsløysa går no rett veg i alle kommunane i Sunnhordland.

– Det er positivt å sjå at alle kommunane i Sunnhordland har ein nedgang i arbeidsløysa i forhold til i fjor. På Stord er ho nærmast halvert med 48 prosent nedgang og 231 færre personar heilt ledige. Også i Fitjar ser ein nedgang denne månaden (4 prosent nedgang). Det er gledeleg, då me i løpet av 2017 har sett ei auke i arbeidsløysa i Fitjar, opplyser Vikanes.

Fleire stillingar

Nav registrerer no også at det er færre permitterte og langtidsledige, og ikkje minst ein vesentleg auke i tilgangen på ledige stillingar.

– I oktober var det 86 fleire utlyste stillingar enn i fjor, fleire av dei innan industri, bygg og anlegg og ingeniørfag. Det er eit teikn på at det er høgare aktivitet i arbeidsmarknaden enn i fjor, konstaterer Sindre Vikanes

1.600 færre ledige

Stord har no lågare arbeidsløyse enn snittet i Hordaland som no er på 2,7 prosent. Det er ein 1600 personar i høve til same tid i fjor.

Færre ledige ungdommar, nedgang i talet på langtidsledige og fleire utlyste stillingar, er oppsummeringa frå NAV Hordaland.

– Me har nok ein månad bak oss med fallande arbeidsløyse i Hordaland. Utviklinga er gledeleg, og Me ser at dei langtidsledige òg nyt godt av utviklinga, seier Anne Kverneland Bogsnes, fylkesdirektør i NAV Hordaland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut