annonse

Aritech tek over Grov Elektro

Oppkjøp
Oppkjøp: Stein Erik Grov (t.v.) og Jan Richard Dyrseth er godt fornøgde med at Grov Elektro no vert ein del av Aritech. (Foto: Privat)

– Eit naturleg steg på vegen mot å bli totalleverandør på tekniske tenester, seier Jan Richard Dyrseth, dagleg leiar i Aritech.

Magne Kydland

I februar kjøpte Aritech opp Fronta Ventilasjon, og gjekk med det frå å vera eit rådgjevande og prosjekterande firma for tekniske anlegg til å bli Sunnhordlands største leverandør av ventilasjonssystem. Nå styrkjer Aritech tenestetilbodet endå meir, gjennom oppkjøp av Grov Elektro. Kontrakten blei signert i førre veke, melder Aritech i ei pressemelding.

– Utfyller kvarandre

– Grov Elektro har dyktige medarbeidarar, ein god ordrereserve, og er kjent for å levere god kvalitet. Deira produkt, tenester og kundar utfyller Aritech sitt tenestetilbod og marknad på ein ypparleg måte. Dette oppkjøpet er difor eit naturleg steg på vegen vår mot å bli ein totalleverandør av tekniske tenester, seier Jan Richard Dyrseth i pressemeldinga.

Frå før har Aritech eit rådgjevings-, prosjekterings- og prosjektleiingsteam innanfor elektrofaget. I Grov Elektro sikrar selskapet seg no eit kompetent og erfarent installasjonsmiljø, inkludert alle dei 31 tilsette, og ein årleg omsetnad på rundt 45 millionar kroner. Grov Elektro utfører installasjon og service for både nærings- og privatkundar, og ordreboka inkluderer blant anna elektroinstallasjonen i de toi store bustadprosjekta Hamnetind og Meierikvarteret i Leirvik sentrum.

– I framtidige prosjekt vil Aritech kunne dra gode vekslar på den samla kompetansen til Grov Elektro og tidlegare Fronta Ventilasjon. De to miljøa har samarbeidd tett om tekniske leveransar tidlegare, og er godt samkøyrde. Begge er for tida djupt involvert i de tekniske anlegga i nemnde Hamnetind og Meierikvarteret, opplyser Dyrseth.

– På veg mot noko unikt

Han legg ikkje skjul på at Grov Elektro er nok eitt steg på vegen mot noko større. Aritech har klare ambisjonar om snarleg, vidare vekst. Planen er å styrkja kompetansen og kapitalen i selskapet ytterlegare, og å bli ein utøvande part også innan andre tekniske fag.

– Med Grov Elektro er me på god veg til å skape noko helt unikt i Sunnhordland: Ein totalleverandør av tekniske tenester som har både prosjektering og utføring samla under eitt og same tak. Det gjer oss i stand til å tilby spisskompetanse på alle fasane til eit teknisk anlegg, frå prosjektering til installasjon, drift og vedlikehald, med ein nærleik til kundane og prosjekta som få andre aktørar på Vestlandet kan tilby, seier Dyrseth.

Stein Erik Grov, dagleg leder og mannen som starta Grov Elektro tilbake i 1985, ser positivt på oppkjøpet og framtida for det tradisjonsrike firmaet.

– Sjølv om det blir litt vemodig å sjå firmanamnet forsvinne etter så mange år, ser eg klare fordelar med å bli del av det fleirfaglege kompetansemiljøet i Aritech. Eg har stor tru på at det vil styrkja konkurransekrafta vår ytterlegare, til beste for både medarbeidarane og kundane våre, seier Grov.

Når Fronta Ventilasjon og Grov Elektro no er innlemma i Aritech, vil selskapet ha rundt 60 tilsette og ein forventa årleg omsetnad på rundt 100 millionar kroner. Aritech har kontor og base i Wärtsilä-bygget på Heiane Vest.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut