annonse

Arrangerer minnestund for Tom Fagerland

Minnestund
Minnestund: Tom Fagerland forsvann sporlaust på havet, ein stad mellom Stord og Nordfjord, i byrjinga av november. Fredag er det minnestund i Stord kyrkje. (Foto: Geir Rommetveit)

Fredag vert det minnestund for Tom Fagerland i Stord kyrkje.

Magne Kydland

Tom Fagerland forsvann på havet då han i byrjinga av november skulle henta ein sjark i Nordfjord.

Siste sikre observasjon av den røynde sjømannen var ved Askvoll 2. november.

Etter at 58-åringen frå Stord blei meldt sakna ei veke seinare, blei det sett i gang ein storstila leiteaksjon langs kysten – utan resultat. 12. november blei aksjonen avslutta, og saka har no status som søk etter ein person som truleg er omkommen.

Fredag arrangerer familien minnestund i Stord kyrkje.

– Alle som ønskjer å komma er velkomne. Me har vald å ha ei slik stund for å kunne setja eit punktum, for oss næraste og alle som kjende Tom. Dette blir jo ikkje noko ordinær gravferd, sidan me ikkje har funne han, seier broren John Fagerland.

Kollegaer av Fagerland: – Eit mysterium for oss

Det er kyrkjeverje Liv Kari Bru som skal leia minnestunda.

– Tom Fagerland er jo ikkje funnen, men samstundes er han er jo ikkje erklært død. Difor arrangerer ein denne minnestunda for alle som var glade i han, og som kjende han. Det er eit ønskje om ei markering og samlast om dei minna som er. Ei minnestund er jo ikkje så ulikt ei gravferd, men det er ikkje ei gravferd. Her vert minneord, høve for å tenna lyst, andakt og song og musikk ved Endre Olsen. Kyrkja er open for alle som vil samlast i minne om Tom, seier Bru.

Minnestunda vert avslutta ved kyrkja. Etterpå vil det vera ei samling for dei næraste og inviterte gjester, på Stord maritime museum på Nattrutekaien.

Les også: Familien til Tom Fagerland ønskjer svar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut