annonse

Åtvarar mot direktør-svindel

Svindel
Svindel: Politiet ber bedrifter om å vera ekstra forsiktige etter fleire tilfelle av såkalla direktør-svindel. Illustrasjonsfoto (Foto: )

Politiet går ut og åtvarar mot ny type svindel.

Magne Kydland

Sør-Vest politidistrikt har den siste tida motteke fleire meldingar av såkalla direktør-svindel. No går politiet ut og åtvarar bedrifter.

– Svindelen går ut på at bedragarane sender e-post eller ringjer bedrifter og utgjer seg å vera leiarar i bedrifta, og ber ein eller fleire tilsette om å gjennomføra utbetalingar. Betalingsoppmodinga skal tilsynelatande komma frå ein av toppsjefane i firmaet. I sakene som er avdekte så langt er det snakk om store pengebeløp. Somme gonger har bedriftene sine kontrollrutinar klart å avverja utbetaling, men det er diverre fleire som har utbetalt pengar, seier næringslivskontakt Fred Sherling i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet etterforskar sakene, men det er ofte vanskeleg å finna svindlarane, og pengane blir som regel ført ut av landet. Difor er den beste måten å stansa slik verksemd på at bedriftene sjølv har kontrollrutinar.

Generelle råd er at ein må vera vaken om ein får slike mailar eller telefonar, bedriftene må ha gode rutinar og internkontroll, melding om betaling for er litt utanom det vanlege bør sjekkast nøye, og det bør innførast rutinar om at minst to tilsette kontrollerer og godkjenner ei overføring som avvik frå det normale.

– E-postadressa frå avsendaren er ofte til forveksling lik bedrifta si adresse, men språket er ofte ukorrekt norsk, med skrivefeil, opplyser politiet.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut