annonse

Begge dei involverte er lokale ungdommar

OMKOM
OMKOM: Ein person omkom og ein annan er alvorleg skadd etter ei trafikkulukke på Opsangervegen natt til onsdag. (Foto: ANDERS TOTLAND)
TRAGISK:
TRAGISK: Klokka 01.41 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ulukka på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes. (Foto: GOOGLE MAPS)

  • Anders Totland

Klokka kvart på to natt til onsdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Opsangervegen i Kvinnherad. Det var ein bil som hadde køyrt av vegen, og det var to personar i bilen. Den eine personen omkom på staden, medan den andre blei sendt til Stavanger Universitetssykehus med alvorlege skader.

– Dei involverte er to unge menn, under 20 år. Begge er heimehøyrande i Kvinnherad, fortel Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

LES OGSÅ: – Dette er forferdeleg tragisk

Sidan ulukka skjedde, har Opsangervegen vore stengt i begge retningar. Det vil han framleis vera, så lenge teknikarane jobbar på ulukkesstaden.

– No har me åstadgranskarar på staden, med bistand frå krimteknisk i Vest politidistrikt. I tillegg er Statens vegvesen si ulukkesanalysegruppe og gjer sitt arbeid der no. Kor lang tid det vil ta, veit me ikkje, seier Børve.

TRAGISK:
TRAGISK:: Klokka 01.41 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ulukka på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes. Foto: GOOGLE MAPS

Ulukka på Opsangervegen skjedde mindre enn ei veke etter førre alvorlege ulukke, i Halsnøytunnelen. I tillegg har det vore fleire andre ulukker i kommunen den siste tida. I fleire av dei har ungdom vore involverte.

– Å mista ungdommar er noko av det verste eit lokalsamfunn kan oppleva, og opplevinga blir ekstra sterk når me no har hatt så mange ulukker på kort tid, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Han fortel at kommunen sitt kriseteam har vore i arbeid i natt, og vil halda fram med arbeidet utover dagen.

– Dei har dialog med dei pårørande, og vil i løpet av dagen vurdera om ein skal oppretta ein samlingsstad der folk kan komma saman. Det vil i så fall komma informasjon om det på kommunen sine nettsider og i lokale media, fortel ordføraren.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut