annonse

Ber folk vera på vakt

– Følg med
– Følg med: Lorentz Lunde får inn meldingar om dørseljarar som legg frå seg symbol i inngangspartiet til folk. Han ber innbyggjarane om å vera på vakt. (Foto: Henrik Mundal Andreassen /arkiv)

Får inn meldingar om dørseljarar som legg frå seg symbol på eller ved dører.

Vidar Hope

– Mange av oss opplever at det kjem folk på døra for å selja noko lite. Dette er i utgangspunktet ikkje straffbart, så lenge dørseljaren oppfører seg. I det siste har me opplevd at det i samband med slike besøk i ettertid er funne kryss eller merke på eller ved dører. Dette har skjedd hjå oss og i andre distrikt, skriv lensmann Lorentz Lunde på Facebook-sida til Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt.

– Me veit ikkje kva dette tyder, og det treng ikkje vera anna enn ei markering av kor seljaren har vore, legg han til.

På forsommaren skreiv Sunnhordland om eit myntfenomen som hadde nådd Grov på Stord.

– Det er personar som legg frå seg myntar eller småstein på trappene. Så ser dei om huseigaren fjernar desse. Viss det ikkje skjer, tek dei det som eit teikn på at det er trygt å gjera innbrot i husværet. Det er ei slags form for rekognosering, sa operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen i Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

I den perioden hadde fenomenet dukka opp fleire stader i politidistriktet. Lensmann Lunde på Tysnes har følgjande råd til innbyggjarane:

– Det kostar lite å vera litt ekstra på vakt, både hos seg sjølv og hos naboen. Ta gjerne bilete eller noter nummer på bilar knytt til salsaktivitet. Hugs at me samlar på bilnummer, skriv han.

Det var avisa Tysnes som først omtala denne saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.