annonse

Bil tok fyr på parkeringsplass

BILBRANN
BILBRANN: Brannen i denne bilen på Heiane tysdag ettermiddag blei raskt sløkt. (Foto: GEIR ROMMETVEIT)

Naudetatane måtte rykkja ut til Heiane storsenter tysdag ettermiddag.

Marius Knutsen

– Me fekk melding om ein bilbrann då klokka var 15.54, seier vakthavande hjå Stord brann og redning, Leif Rune Vad.

Brannvesenet kom raskt til staden. På parkeringsplassen stod ein bil i fyr og flammar.

– Ein av våre brannmenn var tilfeldigvis på p-plassen og hjelpte eigaren av bilen med å sløkkja. Me fekk sløkt brannen raskt, seier Vad.

Ingen personar var inne i bilen då den byrja å brenna.

– Veit de kvifor bilen tok fyr?

– Nei. Bilen stod parkert og tok brått fyr. Eigaren var heilt sjokkert då han fann ut at bilen hans brann, seier Vad.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut