annonse

Bilførar blei jakta på av politiet etter at han stakk frå kontroll

STAKK AV
STAKK AV: Ein mann i 30-åra vert truleg meldt for fleire forhold, etter å ha stukke av frå ein politikontroll natt til fredag. Han er mistenkt for ruskøyring og bar kniv. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Nekta å stoppa for kontroll i natt.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 01.10 natt til fredag nekta ein bilførar å stoppa for kontroll av politiet på Bømlo.

Dette resulterte i at politiet køyrde etter mannen over store område både på Stord og Bømlo.

Ein time seinare vart bilen funnen tom på Føyno.

– Etter eit hundesøk vart bilføraren funnen i lyngen 100 meter frå bilen, fortel vaktsjef Gunnar Sande hos Haugesund politistasjon til Sunnhordland.

Det skal vera mistanke om ruskøyring, og den mannlege bilføraren i 30-åra hadde også på seg ein kniv.

– Dette vert han meldt for, seier Sande.

Mannen vart framstilt for blodprøvetaking før han vart sett i arresten. Politiet har oppretta sak.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut