annonse

Blant dei mest berekraftige selskapa

Berekraftig
Berekraftig: Wärtsilä hamnar på 88.-plass på ei liste over dei hundre mest berekraftige selskapa i verda. (Foto: Arkiv)

Wärtsilä Norge si satsing på miljøteknologi, ikkje minst i Sunnhordland, har bidrege til den gode plasseringa.

Anita Haugland

I forkant av World Economic Forum i Davos blir det årleg laga ei liste over dei hundre mest bærekraftige selskapa i verda. Wärtsilä er på denne lista i år, skriv Jane C. S. Jünger i ei pressemelding frå Wärtsilä.

Wärtsilä hamnar på 88. plass på lista.

– Det kan vera verd å merka seg at finske selskap generelt scorar høgt. Nummer to etter franske Dassault Systemes er finske Neste og finske selskap tek også 5., 31. og 35. plass, heiter det vidare i pressemeldinga. Norske Storebrand kjem på 38. plass.

– Wärtsilä Norge si satsing på miljøteknologi, ikkje minst i Sunnhordland, har bidrege til den gode plasseringa når det kanadisk baserte analyseselskapet Corporate Knights har gjort sine vurderingar, skriv Jünger.

– Ei flott annerkjenning av arbeidet vårt både her i Noreg og internasjonalt. Wärtsilä si målsetting for alt me gjer er å levera smart teknologi til bærekraftige samfunn, ei målsetting me støttar opp om og tek på alvor, uttaler direktør i Wärtsilä Norwa, Hans-Petter Nesse.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut