annonse

Blei vekt av politiet

SENDT HEIM:
SENDT HEIM: Politiet vekte ein alkoholpåverka mann som kvilte seg i sentrum. Mannen blei sendt heim. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Overstadig rusa mann kvilte seg i Leirvik sentrum.

Marius Knutsen

Då klokka var 02.30 natt til laurdag køyrde ein politipatrulje gjennom Leirvik sentrum på Stord.
– Langs vegen såg patruljen ein overstadig rusa mann, seier Kurt Løklingholm, operasjonsleiar ved Sørvest politidistrikt.
Patruljen gjekk bort til mannen og snakka til han.
– Då kvikna han til. Mannen blei sendt heim for å sova av seg rusen, seier Løklingholm.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut