annonse

Blikk for det kvardagslege

Held fram
Held fram: Trass i at han nærmar seg 67 år, er Steinar Hystad aktiv som aldri før. Her er han ute på oppdrag i kjend stil, med sitt vesle kamera og skriveblokk. (Foto: Jarle Kaldråstøyl)

Steinar Hystad forlèt redaktørjobben og familieverksemda. Men gleda av å formidla tok han med seg.

  • Jarle Kaldråstøyl

– Eg synest det er artig å følgja med i det som skjer i Stord-samfunnet og formidla nyhende til andre, seier Hystad.

Stordnytt.no vart hans nye kanal. Der har han ført vidare si journalistiske linje.

– Eg ser ikkje noko stort poeng i å vera for negativ. Eg er vel på linje med ein medarbeidar i avisa Hallingdølen. Då ei omlegging var på trappene reiste han seg og poengterte at avisa skulle dekkja fire kommunar. 95 prosent av innbyggjarane i desse kommunane hadde det veldig godt. Det syntest han også burde gjenspegla seg i spaltene, seier Hystad som sjølv nyleg stod føre det som kunne blitt eit vendepunkt.

– John Erik Jørgensen, som har vore redaktør i Stordnytt.no, vel å trekkja seg ut grunna andre gjeremål. Det gjorde at nettstaden stod i fare for å verta lagt ned. Heldigvis har ein samarbeidsavtale med Mediehuset Sunnhordland no sikra ei vidare drift, seier Hystad.

Han har fått gode tilbakemeldingar frå lesarar og vil halda fram som før i Stordnytt.no

– Lesarar har teke kontakt og i vakre ordelag bede om at «dåke må ’kje leggja ner, husk eg e innom kvar bidige dag». Alle har fått lovnad om at nedlegging eller avslutting var uaktuelt. Etter ei tids sonderingar, kan Stordnytt.no i dag senda ut den glade bodskap om at nettavisa vil halda fram i si godt innarbeidde form. Den vidare drift skjer i nært samarbeid med Sunnhordland, som saman med Stordnytt.no vil ha samkøyring av annonsar og elles eit tett samarbeid. Eit spennande lokalt mediesamarbeid er i gang, fortel ultralokal-journalist Steinar Hystad.

Det er no meir enn fem år sidan han og grafisk designer John Erik Jørgensen byrja å snakka om ei nettside med «ultralokalt nedpå-stoff», i kaffipausane under jobben med ei skrønebok. Ideen mognast, og Stordnytt var på lufta sommaren 2012, med sine første nyhende og spesialspalta «Kort sagt», med plass for ei blanding småseriøst og mindre seriøse saker.

– Ein spegel på dagleglivet på øya. Mottoet har vore «Fem om dagen»: To oppslagsnyhende og tre notisar har vore målet frå første utslepp, fortel Hystad, om det som i første omgang skulle vera eit prøveprosjekt fram mot jul same året.

Men responsen og trafikken vart så god at dei bestemte seg for å halda fram.

I dag kan Stordnytt.no visa til fleire tusen vekevise, faste lesarar, 5.000 følgjarar på Facebook, og totalt er det no publisert over 11.000 saker, små og store.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut