Blir med på klimaprosjekt

Stord kommune skal vera med i KS-nettverk om omstilling til lågutsleppssamfunnet.
I lys av klimaendringane og internasjonale og nasjonale klimamål er omstilling til låg- og nullutsleppssamfunnet ei stor og viktig utfordring framover. Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med å redusera utslepp av klimagassar, og må jobba kontinuerleg med å effektivisera og leggja om sin energibruk, i tillegg til å leggja til rette for og oppmoda til at private verksemder gjer det same.
– Stord kommune ynskjer å ta ei leiarrolle i dette. Kommunen var tidleg ute med å utarbeida ein eigen Klima og energiplan (2008), og kommunestyret har vedteke at dette er noko som skal løftast opp og vera ein sentral del i den overordna kommuneplanen når denne skal reviderast i nær framtid. Det er og sett i gong eit viktig arbeid med å miljøsertifisera alle dei kommunale einingane. Så langt er rådhuset, biblioteket og kulturskulen miljøsertifisert, og dei kommunale barnehagane er i full gong med arbeid for å bli sertifiserte. Deretter står skulane for tur, skriv ordførar Gaute S. Epland i ei pressemelding.
For å utvikla klima- og omstillingsarbeidet ytterlegare søkte Stord kommune i haust om å få vera med i eit KS-prosjekt for omstilling til lågutsleppssamfunnet. No har svaret komme, og Stord vert ein av 12 kommunar som blir med i prosjektet.
– Første samling er i slutten av januar. Kommunen er invitert til å stilla med 4–7 deltakarar. Det er ikkje avgjort kven dette vil vera utover ordførar, rådmann og Kari Rydland frå miljø- og landbrukskontoret.Eg tenkjer at det å vera med i eit slikt nettverk vil vera utviklande for oss som organisasjon og bidra til at Stord kommune kan vera i fronten av omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Me vil samarbeida tett med og kunna læra av andre kommunar som er offensive i sitt omstillings- og klimaarbeid. Me ser veldig fram til dette, skriv Epland.
I Stord kommune sin søknad vart det peikt på at Stord i moderne tid har vore kjenneteikna av omstilling og endring, og at kulturen er prega av å vera opne for variasjon, nye idear og tankar til det beste for kommande generasjonar. I tillegg til å peika på eigne klimatiltak, trekte ein og fram viktig omstillingsarbeid i det private næringslivet i kommunen, som klyngjesamarbeidet kring NCE Maritime CleanTech og klima- og miljøarbeidet på Kværner Stord.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.