annonse

Blir prest på heimebane

Prest
Prest: Fredag kveld vert Eli-Johanne Rønnekleiv ordinert til sokneprest i Selje, Nordfjord prosti. Ordinasjonen skjer i Stord kyrkje. (Foto: Inger Chr. Skaaret)

Eli-Johanne Rønnekleiv vert fredag kveld ordinert til prest i det som er hennar heimekyrkje.

Magne Kydland

– Fredag 5. januar vert det ordinasjon ved biskop Halvor Nordhaug i Stord kyrkje. Det er Eli-Johanne Rønnekleiv som skal ordinerast til sokneprest i Selje, Nordfjord prosti, skriv Stord kyrkjelyd i ei pressemelding.

Eli-Johanne Rønnekleiv vart konfirmert i Stord kyrkje. Ho har vore kantor fleire stader, m.a. på Bømlo. Fleire av hennar musikarvenner tek del i ordinasjonsgudstenesta, her vert eit stort samansett kor og blåsarar. Kantor Bjarte Aadland gjer teneste i gudstenesta.

Prostane Svein Arne Theodorsen, Sunnhordland og Rolf Schanke Eikum, Nordfjord tek del i ordinasjonsgudstenesta. Ved tekstlesing og forbøn tek og desse del: prestane Sari Lehti, Finland og Jorunn Johnsen, ein representant frå Selje sokneråd, Reidun Breistig, i tillegg til ein representant frå KUN – Kyrkjeleg Utdanningssenter Nord der Rønnekleiv har tatt siste del av utdanninga.

– Det vert nattverd, etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i kyrkja. Alle er velkomne til ordinasjonsgudstenesta og samlinga etterpå, melder Stord kyrkjelyd.

– Kvifor skjer dette i Stord kyrkje og ikkje der ho skal gjera teneste?

– Ordinasjonen skjer i Stord kyrkje etter ynskje frå Eli–Johanne og avtale med biskopen. Ordinasjon kan skje til vanleg i tre kyrkjer: Domkyrkja, der presten kjem ifrå eller der presten skal gjera teneste, opplyser prost Svein Arne Theodorsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut