annonse

Blir tema på folkemøte

KUNST:
KUNST: Anders Kjellesvik (t.h.) har laga skulpturen «Den høgreiste og havet» som etter planen skulle komma il torget på Leirvik. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Hilde Vormedal Nybø

Plasseringa av «Den høgreiste og havet» er eitt av temaa på eit planlagt folkemøte i Stord.

Det fortel ordførar Harry Herstad til Sunnhordland. Utsmykkinga på torget med utgreiing av alternativ plassering av skulpturen skulle eigentleg opp som politisk sak i komite for næring, miljø og kultur i april. No blir saka utsett.

 – Me ønskjer å ha eit folkemøte om utvikling av Leirvik sentrum, den tette byen, utsmykking og bruk av Evjestrand-eigedommen, seier ordførar Harry Herstad.

Han fortel at planen var å få gjennomført eit slikt møte no i mai.

– Dette handlar jo om korleis me møblerer dei opne plassane våre. Kunstnarane er jo også opptekne av kva som skal vera i nærleiken av kunstverka sine, seier Herstad, som seier at utsmykkingskomiteen vil vera til stades når ein diskuterer desse tema.

Ordføraren seier at han trur at det vil komme viktige innspel på folkemøtet, og reknar med at saka vil komma opp politisk etter sommarferien.

hildevn@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut