annonse

Blotte-mistenkt skal ha kontakta fleire

Etterforskar
Etterforskar: Egil Espeland på Stord lensmannskontor er tilbakehalden med informasjon om saka. (Foto: Hilde Vormedal Nybø / arkiv)

Torsdag kveld skal ein mann ha blotta seg for ei kvinne i Fitjar sentrum. No meiner politiet at mannen skal ha vore i kontakt med fleire kvinner.

Marius Knutsen

Førre torsdag fekk politiet melding om at ein mann skal ha blotta seg for ei kvinne i Fitjar sentrum.

Stord-lensmann Roald Raunholm uttalte til Sunnhordland at episoden skjedde mellom klokka 20.30-21.00. Han fortalde òg at politiet har éin mistenkt i saka. Vedkommande er meldt for liknande saker tidlegare.

No har politiet vore i kontakt med fleire jenter som skal ha blitt kontakta av den mistenkte.

– Me kjenner til eitt tilfelle med to jenter som gjekk saman og blei kontakta av den mistenkte. Det var også ei jente som gjekk for seg sjølv som møtte på mannen, seier politioverbetjent Egil Espeland.

Espeland er svært tilbakehalden med informasjon i saka.

– Me vil ikkje ut med særleg detaljar før me har avhøyrt vedkommande. Men det er mykje som tyder på at det dreier seg om den same mannen. Alle dei tre episodane skjedde også torsdag kveld i Fitjar sentrum, seier Espeland.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut