annonse

Bømlafjordtunnelen open etter bilbrann

TOK FYR
TOK FYR: Varebilen var på veg ut av tunnelen då den tok fyr onsdag kveld. (Foto: Stord brann og redning)

Bømlafjordtunnelen er no open att etter bilbrannen inne i tunnelen onsdag kveld.

Ingvild Siglen Berger

Klokka 21.53 kom meldinga om at tunnelen vert opna med manuell dirigering og ledebil.

– 50 bilar per kolonne. Kolonnebilen vil køyra kontinuerleg, skriv Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Det var klokka 18.21 at naudetatane fekk melding om ein varebil som stod i brann i Bømlafjordtunnelen, omkring ein kilometer frå utgangen mot Føyno.

Sjåføren kom uskadd frå hendinga.

– Varebilen tok fyr då den var på veg ut av tunnelen mot Stord. Me veit ikkje noko om årsaka til hendinga, seier Leif Rune Vad, vakthavande hos Stord brann og redning.

Tunnelen vart altså stengd i fleire timar etter brannen. Entreprenør kom til staden for å sjekka for eventuelle skader på tunnelen.

Det var lange køar i området, før tunnelen altså opna att like før klokka 22.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut