annonse

Brannmannskap går om bord i batteriferja

Sydnes
Sydnes: Hybridferja «Ytterøyningen» er framleis trugande til å gi frå seg fleire eksplosjonar. Brannmannskap utfører no gassmålingar om bord. (Foto: Håvard Sætrevik / Grenda)

Skal vurdera tryggleiken for vidare arbeid.

Vidar Hope

Mannskap frå brannvesenet i Kvinnherad og Bergen tek seg no om bord i den brannråka batteriferja «Ytterøyningen» som ligg til på Sydnes ferjekai.

– I samarbeid med Bergen brannvesen gjer me ein innsats i å avdekka om det framleis lek gass frå batterirommet, seier innsatsleiar Atle Josdal til Sunnhordland.

Brannmannskapet tek seg ned i naudutgangen til området eksplosjonen gjekk tidleg fredag morgon. Her skal dei ta gassmålingar.

– Dette gjer me for eigen tryggleik, for å avdekka eventuelle farar i det vidare arbeidet, seier Josdal.

Han legg til at det kjem til å bli ein lang dag for brannmannskapet på Sydnes.

NRK Hordaland melder at ekspertane frå brannvesenet i Bergen ikkje gjorde funn av gass på målingane. Temperaturen rundt batteria skal heller ikkje vera påfallande varmt, ifølgje 110-sentralen. 

NRK skriv vidare at ein tilsett på ferja skal vera med brannvesenet om bord for å gjera ei synfaring i ettermiddag.

Ferjedramaet på Sydnes:

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut