annonse

Brennande engasjement for sjuke­huset på Stord

: Fakkelaksjonen for Stord sjukehus fylde Torget med engasjerte aksjonistar søndag ettermiddag. (Foto: ANDERS TOTLAND)
F.v.
F.v.: Liv Marit Sjo og Amalie Lepsøy Hansen meiner det vil vera svært ille om sjukehuset på Stord mister nokon av funksjonane som er der i dag. (Foto: ANDERS TOTLAND)

Søndag ettermiddag fylte storda­buen Torget i Leirvik med brennande faklar, og ein tydeleg bodskap til helse- og omsorgsministeren.

  • Anders Totland;Olav Røli

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) sin nye helse- og sjukehusplan har sett sinna i kok på Stord. Søndag samla stordabuen seg i hopetal på Torget, der det blei skipa til fakkelaksjon i protest mot den nye planen.
 
 
 
– Me treng lokalsjukehuset vårt. Me er ein stor kommune, og me er også svært vêravhengige. Samstundes har me E39 gåande gjennom her, med store planar for framtida. Med kan ikkje risikera at liv går tapt, berre for at me skal spara pengar. Då får ein finna andre måtar å gjera det på, seier Liv Marit Sjo, som er ei av svært mange som viste motstand mot Høie sine planar søndag ettermiddag.
 
 
 
Frå scenen heldt ei rekke politikarar og sjukehustilsette sine appellar. Den gjennomgåande bodskapen var at sjukehuset treng alle funksjonane som er der, og at Stord og Sunnhordland treng sjukehuset.
 
 

Forstår uroa

Stordabuen er ikkje dei første som har tent faklane for å få ministeren si merksemd. Det har også vore fakkeltog i Volda for å bevara sjukehuset der. Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner engasjementet for sjukehuset er bra.
 
 
 
– Dette viser at befolkninga på Stord er engasjerte i sjukehuset sitt, og at det betyr mykje. Eg skjønnar samstundes at mange kan bli engstelege når dei høyrer debatten om lokalsjukehusa. Men mitt mål er ikkje å svekkja dei små sjukehusa, men å styrkja dei. Eg ønskjer at dei skal gjera meir, ikkje mindre. Og alle skal kunna busetja seg der dei ønskjer, og føla seg trygge på at dei får god helsehjelp, både når det hastar, og når det ikkje hastar, skriv Høie i ein e-post til Sunnhordland.

– Ikkje avgjort

Han meiner at Nasjon helse- og omsorgsplan er ein plan for å tryggja og vidareutvikla dei små sjukehusa for framtida.
 
 
 
 
 
LES OGSÅ: Kappa fingeren med sag
 
 
 
 
– Men dette betyr at sjukehusa må endrast for å møta framtidige behov. I framtida blir det fleire eldre og pasientar med kroniske sjukdommar. For pasientar som bruker sjukehuset ofte, er det viktig at tilbodet finst lokalt, medan kompliserte sjukdommar, som treng meir spesialisert behandling, må behandlast på større sjukehus. Det må bli slutt på at dei små sjukehusa skal vera kopiar av dei i store, skriv Høie.
 
 
 
Han understrekar at planen ikkje inneber ei konkret avgjer om innhaldet på det enkelte sjukehuset, og at kommunane i dei aktuelle områda skal bli høyrt før siste ord er sagt.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut