annonse

Buss køyrde inn i personbil

Påkøyrsel
Påkøyrsel: Ein buss køyrde inn i personbil eit stykke nord for ferjekaien på Jektavik i ettermiddag. (Foto: Tipsar)
KRASJ:
KRASJ: Ein utanlandskregistrert stasjonsvogn fekk skader på høgre side bak. Personane i bilen vart sende til legevakt for sjekk. (Foto: Olav Røli)

Trafikkulukke halvannan kilometer nord for Jektavik.

Olav Røli Vidar Hope

Både ambulanse, brann og redning, og politiet, rykte i 12.15-tida ut etter melding om ei trafikkulukke på E39, rett ved Langenuen Camping.

Ifølgje politibetjent Torbjørn Lodden skal ulukka ha skjedd då ein tyskregistrert stasjonsvogn på veg sørover, skulle svinga av vegen mot campingen.

Ein buss på veg i same retning skal så ha køyrd inn i stasjonsvogna bakfrå. Stasjonsvogna fekk skader på høgre side bak, men ingen i bilen skal ha komme alvorleg til skade. 

- Tre personar i personbilen vart sende til legevakt for sjekk, opplyser Lodden.

Politiet har gjennomført undersøkingar, og avhøyr av bussjåføren. Vidare etterforsking vil gje svar på om politiet meiner det er grunnlag for å kverrsetja førarkortet til bussjåføren. 

Ulukka skal berre ha ført til mindre trafikale problem, og eitt køyrefelt var heile tida ope for trafikk. Etter kort tid var vegen rydda. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut