annonse

Byr opp til debatt

På tinget
På tinget: Geir Angeltveit (V) er oppteken av Sunnhordland si rolle i det nye vestlandsfylket. (Foto: ARKIV)

Geir Angeltveit (V) vil diskutera Sunnhordlandsregionen si rolle i det nye vestlandsfylket.

Anita Haugland

Den 12.-13. desember skal Geir Angeltveit (V) møta på Fylkestinget, der han sit som fast medlem. Her vil han stilla spørsmål til fylkesordføraren, om kva ho meiner om debatten som har starta i Sunnhordland og deler av Hardanger, som handlar om tilhøyrsla i den nye Vestlandsregionen.

I ein epost som også er sendt til fylkesordføraren, skriv han at det i samband med fylkessamanslåinga i Gulen i oktober vart starta ein debatt i Sunnhordland kring regionen si rolle i det nye Vestlandet.

– Fleire i Sunnhordland og Hardanger har ytra bekymring for framtidsutsiktene i regionane våre. Problemstillingane mange har peika på er at administrasjon og avgjerslemynde for samferdsle og skule skal flyttast lenger vekk, utan at ein sit att med noko ekstra. Medan Bergensregionen skal administrera sitt eige, vert dei sørlege delane styrt frå nord. Samstundes som ein politisk gjer vedtak som mange oppfattar som stikk i strid med Sunnhordland sine interesser, skriv Angeltveit.

Han spør óg om korleis fylkesordføraren oppfattar bekymringane kring oppgåvefordelinga og plassering av ansvar i den nye regionen, og om korleis fylkesordføraren meiner at Hardanger- og Sunnhordlandskommunane er betre tent med å vera ein del av Vestlandet, heller enn å søka seg sydover. Han spør også om korleis fylkesordføraren meiner at ein best tryggar integrasjon- og kommunikasjonsliner på tvers av heile det nye Vestlandet.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut