annonse

Då joggeturen var over stod bilen i ein bekk

Uheldig
Uheldig: Bileigaren fekk ei lei oppleving då joggeturen var over. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Gløymsk bilist var uheldig.

Vidar Hope

I formiddag fekk politiet på Stord melding om ein bil som stod ugunstig til i området mellom Heiane vest og Valvatna. Då politiet kom fram såg dei at bilen hadde trilla baklengst ned i ei grøft med ein bekk.

– Politipatruljen fekk etter kvart kontakt med bileigar som hadde vore ute og jogga. Bilen hadde stått utan handbrekk og trilla ned i ein bekk, seier lensmann Roald Raunholm til Sunnhordland.

Det heile blei raskt avklart og politiet opprettar ikkje sak.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut