annonse

Dag Jørund Lønning er årets bygdeprofil

: Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. No er han også kåra til «Årets bygdeprofil».
(Foto: Christel Bachmann Barbo, HLB)
Årets bygdeprofilar:

Dag Jørund Lønning i fint selskap med blant andre Therese Johaug og Odd Nordstoga.

Magne Kydland

Dag Jørund Lønning er Årets bygdeprofil, kåra av Nationen. Han tok tidleg leiinga i stemmegjevinga, og heldt teten heilt til mål, melder avisa.
 
 
 
Professoren, bygdeutviklaren og rektoren ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling gjekk tidleg opp i tet, og fekk fort mange røyster, både via SMS og på nationen.no.
 
 
 
Leiinga held heilt i mål, skriv avisa som har stått bak kåringa sidan ho starta i 2004. Konstituert sjefredaktør i Nationen, Rino Andersen, seier at sigeren var suveren.
 
 
 
– Lønning har hatt ein svært tydeleg stemme gjennom Landbruksbloggen på nationen.no. Den sterke oppslutnaden om han må kanskje sjåast på som støtte til dei meiningane og haldningane han har presentert på Landbruksbloggen, slår Andersen fast.
 
 
 
I fjor vart Lønning kåra til årets landbruksbloggar.
 
 
 
Lista over tidlegare vinnarar viser organisasjonsfolk, mediefolk og artistar, i tillegg til ein gründer, ei langrennsstjerne og ein jeger (sjå faktaboks). No har ho fått tilvekst av ein professor og bygdeutviklar.
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut