annonse

Dei får byggja den nye sjukeheimen

BYGGJESTART
BYGGJESTART: Engelsen Bygg AS på Stord får jobb til over 100 millionar i Leirvik sentrum. Dei skal setja opp Bandadalskvartalet. Arbeidet skal starta på denne sida av nyåret. (Foto: ARKITEKTKONTORET BREKKE HELGELAND BREKKE / illustrasjon)

Engelsen Bygg AS på Stord stakk av med storjobb i Leirvik sentrum.

Olav Røli Hilde Vormedal Nybø

Verksemda er nemleg innstilt på førsteplass til å byggja den nye sjukeheimen Bandadalskvartalet. Det stadfester prosjektleiar Kjell Nesbø i Stord kommune til Sunnhordland. Arbeidet har ein verdi på rundt 120 millionar kroner, og inneber bygging av sjukeheim med 48 rom med stove, kjøken og alt som høyrer til.

– Denne jobben har me venta skulle komma i mange år. Og me er særs godt nøgde me at me vann fram og var best i konkurransen, seier Roald Urnes, dagleg leiar i Engelsen Bygg AS til Sunnhordland.

Travelt

Totalt fem firma konkurrerte om oppdraget, mellom anna Engevik & Tislevoll, Fronta, Engelsen Bygg, Kruse Smith og Veidekke. Mellom første og andreplass var det ein skilnad på fem prosent i pris.

Stord kommune hadde lagt 60 prosent vekt på pris, og 40 prosent på oppgåveforståing.

For Engelsen Bygg vil dette vera med på å sikra sysselsetjing i ni månader framover. Dei er allereie engasjert i bygging av ny ungdomsskule og symjehall på Bremnes, symjehall på Austevoll, leilegheitsprosjekt i Sveio, og på nyåret skal dei i gang med eit leilegheitsprosjekt i Haugesund.

– Me har stort fokus på prosjektstyring, gjennomføring og planlegging. Og meiner at me skal klarar å gjennomføra alle prosjekta med dei folka me har, seier Urnes.

Frist

Han fortel om ei verksemd som har ro i organisasjonen, og som slepp å ha permitteringar hengjande over seg.

I 2016 omsette Engelsen Bygg AS for 156 millionar, og hadde eit resultat før skatt på 3,8 millionar kroner. Firmaet har 31 tilsette.

Dei andre verksemdene som har levert inn tilbod har no 14 dagars frist på seg til å be om innsyn i dei andre sine tilbod. Og éi verksemd har allereie bede om innsyn. Først etter 14 dagar skal det skrivast kontrakt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut