annonse

Delte ut 12 mill. i gåver

I vekst
I vekst: Banksjef Arve Havnerås. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Sparebanken Vest fekk eit resultat før skatt på 1.844 mill. kroner i 2017. 150 millionar kroner er foreslått delt ut i samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet, skriv selskapet i ei pressemelding.

Marius Knutsen

I Sunnhordland og Rogaland hadde banken ein kundevekst på over 2.200 nye kundar i fjor. Av desse var over 700 under 18 år.

– Det er svært gledeleg at me tek marknadsdelar i heile vårt område. Også blant dei yngste. No har me totalt 50.000 personkundar i Rogaland og i Sunnhordland, seier regionsdirektør Bjørn Tjensvold.

Banksjefen på Stord, Arve Havnerås, trur nøkkelen til den gode utviklinga er gode rådgjevarar.

– Det er også viktig at folk er klar over at den gode utviklinga til banken gjer at stadig meir av gåvemidlane kjem tilbake til fylket. I fjor fekk lag og organisasjonar i Rogaland og Sunnhordland til saman 12 mill. kroner i gåver. Dette gler me oss stort over, seier Havnerås.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut