annonse

Den eine skal til Sunnhordland

Byggjer nytt
Byggjer nytt: Totalt sju nye ferjer går inn i flåten til Fjord1. (Foto: Havyard Ship Technology)

Norsk verft skal byggja fem av dei.

Vidar Hope

Fjord1 skreiv måndag kontraktar med Havyard Ship Technology på bygging av fem ferjer. I tillegg har Fjord1 skrive to kontraktar med Cemre Shipyard i Tyrkia.

Alle ferjene er i verdstoppen når det kjem til innovasjon og miljø, og skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift, melder reiarlaget.

– Fjord1 har innteke ei leiande rolle innan det grøne skiftet i norsk transportnæring, og er oppteken av låge energifotavtrykk. Dei siste månadane har Fjord1 signert ei rekkje skipskontraktar, og felles for desse er at det er norske leverandørar som har fått kontraktane, melder selskapet.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 seier han er glad for at det er akkurat norske verft som får høve til å levera store leveransar til selskapet.

– Me ser at norske leverandørar er i fremste linje når det kjem til innovasjon i forhold til miljø og teknologi, noko som er avgjerande viktig for oss i Fjord1. I denne kontraktsprosessen var det fleire norske verft som leverte tilbod og som var med i finalerunden. Me er svært glade for å sjå at dei norske verfta er blitt konkurransedyktige på pris, kvalitet og leveringstider på fartøya. Det er alltid gledeleg å skriva kontraktar med norske leverandørar som leverer godt, og forventingane våre er høge, seier Neteland i pressemeldinga.

Dei fem fartøya som Havyard Ship Technology leverer, skal inn i sambanda i «Nordmørspakken» (Kvanne-Rykkjem, og Edøya-Sandvika), og «Rutepakke 1, Hordaland» (Fedje-Sevrøy, og Langevåg-Buavåg). Dette er ferjer med inntil 50 personbileiningar. Dei to ferjene frå Cemre Shipyard skal inn i sambandet Seivika-Tømmervåg, og har kapasitet til 80 personbileiningar.

Dei sju ferjene vert overlevert til Fjord1 hausten 2019. I dag har Fjord1 leveranseavtalar med Fjellstrand, Havyard Ship Technology, Tersan Shipyard, Sefine og Cembre Shipyard.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut