annonse

Den sakna er funnen død i sjøen

Leiteaksjonen på Bømla enda tragisk.

Anita Haugland

Laurdag kveld melde Sør-Vest politidistrikt at det var sett i gang leiteaksjon på Langevåg i Bømlo kommune. Dei leita etter ein mann (45) frå Bømlo som sist blei sett i Vorlandsvegen kl 01.30 natt til fredag.

- Den sakna var ute med ein kollega fredag kveld, og blei sist observert utanfor huset til kollegaen klokka 01.30. Dei tok taxi heim til kollegaen sin bustad, opplyste operasjonsleiar Håkon Tornes i Sør-Vest politidistrikt like før klokka 20.00 laurdag kveld.

Klokka 22.16 melde politiet at leiteaksjonen på Langevåg dessverre fekk eit tragisk utfall. Sakna er funnen død i sjøen.

Politiet melder at dei ikkje har grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt. Saka blir likevel etterforska som eit mistenkeleg dødsfall.

Både politi med hundar, frivillige og redningsskøyta var engasjerte i leiteaksjonen.

Klikk for å sjå kommentarar ()