annonse

Denne bedriften har fått ny sjef

Dagleg leiar
Dagleg leiar: Alf Eidsvik skal styra Palfinger.

Alf Eidsvik frå Uskedalen blir ny dagleg leiar i Palfinger Marine Safety AS.

Magne Kydland

Han overtek dermed ansvaret for 222 tilsette fordelt på Seimsfoss og Ølve, og han overtek jobben til Styrk Bekkenes, som brått slutta i stillinga for eit par veker sidan.

– Eidsvik har solid erfaring frå industrien, med over 20 år fartstid hjå Eidsvik Skipsbyggeri før han starta i Noreq i 2008. I 2013 vart han tilsett som teknisk sjef for Harding Safety, som vart det nye namnet til Noreq og Schat Harding etter samanslåinga, heiter det i ei pressemelding.

I 2016 vart Harding Safety kjøpt opp av Palfinger Marine. Eidsvik er i dag teknisk direktør for LSE-divisjonen (Lifesaving Equipment) i selskapet, med ansvar for å byggja opp ei solid teknisk avdeling.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.