annonse

Denne veka opnar dansk gigant her

Kvitevarer
Kvitevarer: Skousen har halde det gåande sidan 1957. Dei siste åra har selskapet satsa stort i Norge. (Foto: Skousen)
Heiane
Heiane: Her på Rundehaugen opnar den nye butikken denne veka. (Foto: Skousen)

Etter å ha opna 25 butikkar i Norge på to år, kjem butikk nummer 26 på Heiane på torsdag.

Vidar Hope

Den danske kvitevarekjeda Skousen ser fram til å opna ny butikk på Stord.

– Me har allereie butikkar i Bergen, Haugesund og Stavanger, men me har lenge ønskt å kunne tilby kvitevarer til fleire på Vestlandet. Plasseringa er tett på dei andre aktørane i marknaden og det er perfekt, med tanke på at

det er her kundene er, skriv Morten Hammelsvang, Head of Retail i Skousen, i ei pressemelding.

Butikken på Stord opnar førstkommande torsadg på Rundehagen på Heiane. Butikksjef Gjelbrim Shala håpar på mange besøkjande.

– Me har alt klart til opninga, og står klar til å gi god rådgjeving til kvar enkelt kunde. Det blir ein lokal butikk som har som mål å gjera kundane glade, seier Shala i pressemeldinga.

Heiane
Heiane: Her på Rundehaugen opnar den nye butikken denne veka. Foto: Skousen

– Stord er ein fantastisk by som har noko for einkvar. No vil me i Skousen bidra med vårt, og gi stordabuen og sunnhordlendingane eit endå betre kvitevaretilbod.

Den danske kvitevarekjeden Skousen blei etablert i 1957 og var den første store leverandøren av kvitevarer i Danmark. I dag har kjeda 55 butikkar i Danmark og sidan mars 2015 har dei opna 25 butikkar i Norge.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut