annonse

Dennis var først ut

Årets nyttårsbarn
Årets nyttårsbarn: Vesle Dennis blei fødd klokka 13.52 på årets første dag i 2018. Stolte foreldre er Christina Almås Alvsvåg og Thomas Hervik Stølås, som her har fått gratulasjonsbukett frå Sunnhordland. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Først ut på Stord
Først ut på Stord: Dennis er årets førstefødde på Stord. På landsbasis er det vesle Felix René som er årets nyttårsbarn. Han kom til verda ti minutt etter midnatt, og blei fødd på sjukehuset Østfold på Kalnes. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Roleg og nøgd
Roleg og Nøgd: Vesle Dennis var 3.788 gram og 51 cm lang då han kom til verda (Foto: ANITA HAUGLAND)
Slått på målstreken
Slått på målstreken: Han blei ikkje årets nyttårsbarn på Stord i 2018, men vesle William kom til verda berre ein knapp time etter Dennis. Stolte foreldre er Cathrine og Ingmar Folgerø. (Foto: ANITA HAUGLAND)

Christina Almås Alvsvåg (23) og Thomas Hervik Stølås (24) hadde akkurat komme heim frå nyttårsfeiring, då den vesle krabaten varsla at han ville ut.

Anita Haugland

– Me feira nyttår saman med familien på mi side, og me kom vel heim rundt klokka 01.00. Ein time etterpå byrja riene. Eg ville ikkje komma heilt til ein ustelt leilegheit, så difor byrja eg å vaska leilegheita. Det var vel litt for å sjå om dette var noko som gjekk over også, fortel Christina Almås Alvsvåg.

Ho blei nesten ferdig, og då ho ikkje lenger klarte å pusta skikkeleg medan ho støvsuga, gjekk turen til Stord Sjukehus.

Nyttårsbarnet

Det blei både morgon og lunsjtid, før Dennis for alvor melde sin ankomst klokka 13.52 på den første dagen i 2018. Han er den førstefødde stordabuen i 2018, og var 3.788 gram og 51 cm lang då han kom til verda.

Først ut på Stord
Først ut på Stord: Dennis er årets førstefødde på Stord. På landsbasis er det vesle Felix René som er årets nyttårsbarn. Han kom til verda ti minutt etter midnatt, og blei fødd på sjukehuset Østfold på Kalnes. Foto: ANITA HAUGLAND

– Me er sjølvsagt veldig stolte, og ekstra stas er det jo at me fekk nyttårsbarnet på Stord, seier Alvsvåg.

Terminen var eigentleg 18. januar, men mora er glad han kom litt tidlegare.

– Han er jo nesten fire kilo, så det er godt han ikkje blei større. Den første sonen min var berre 2,5 kilo då han blei fødd, og han kom på termin, seier 23-åringen.

Storebror Matheo på tre år har allereie vore innom på besøk.

– Han har venta lenge på veslebror, og har stadig spurt meg om når eg skulle bæsja ut babyen, seier Alvsvåg medan ho ler.

Slått på målstreken
Slått på målstreken: Han blei ikkje årets nyttårsbarn på Stord i 2018, men vesle William kom til verda berre ein knapp time etter Dennis. Stolte foreldre er Cathrine og Ingmar Folgerø. Foto: ANITA HAUGLAND

Pappa Thomas Hervik Stølås trur det skal gå fint å dela på merksemda frå foreldra, sjølv om storebror no må dela på ho. Familien bur på Valvatna på Stord, og reknar med å reisa heim i løpet av onsdag.

Rakett

Berre ein knapp time etterpå, klokka 14.42, blei den andre stordabuen i 2018 fødd på Stord sjukehus.

– Då eg høyrde skrik og skrål frå den andre fødestova, så skjønna eg at eg blei slått på målstreken, seier Cathrine Folgerø (37).

Fødselen gjekk likevel i rekordfart. Cathrine kom inn på sjukehuset knapt to timar før vesle William var ute.

– Det er veldig stas. Me har to jenter frå før, så no er familien komplett, seier 37-åringen.

Pappa Ingmar Folgerø (41) var førebudd på at fødselen kunne ta noko lenger tid.

Roleg og nøgd
Roleg og nøgd: Vesle Dennis var 3.788 gram og 51 cm lang då han kom til verda Foto: ANITA HAUGLAND

– Då me fekk den første jenta vår, gjekk det 28 timar. Difor hamstra me inn mat på Deli de Luca, før me køyrde til sjukehuset. Eg følte nesten det såg ut til at me skulle flytta inn hit, fortel 41-åringen med eit smil om munnen.

Det gjekk noko raskare enn det paret først rekna med.

– Eg fekk knapt komme i gang med lystgassen, før barnet var ute, fortel Cathrine Folgerø.

Pappa Ingmar hadde i utgangspunktet tenkt å bu på barselavdelinga saman med Cathrine og nyfødde William, men måtte endra litt på planane.

– Jentene våre synst det var kjekkast å ha meg heime, så difor har eg budd der, fortel 41-åringen.

Foreldra fortel at Sina (7) og Andrea (3) har venta på veslebroren heile jula.

– Då Andrea kom på besøk, peika ho på veslebroren og stussa på at han ikkje hadde tenner, fortel pappa Ingmar.

Vesle William var 2924 gram og 46 cm lang då han kom til verda. Foreldra til begge dei nye verdsborgarane kan melda at dei små krabatane førebels er rolege og fornøgde.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut