annonse

Desse kjem på Nyskapingskonferansen

POPULÆR KONFERANSE
POPULÆR KONFERANSE: Nyskapingskonferansen er i år den 17. oktober. Her frå konferansen på Stord Hotell i fjor. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KJEM TIL STORD
KJEM TIL STORD: Kjetil André Aamodt. (Foto: PRESSE)
PODTOWN
PODTOWN: Eirik Kalve, gründer og dagleg leiar i Podtown, kjem også for å fortelja si historie, om desse mobile overnattingsbura, som mellom anna er brukt på mange festivalar i sommar. Rick Belle i underetasjen og Thore Pettersen over og Ida Collett Belle til høgre sov på Leirvik torg i samband med 100Dagar i vinter. (Foto: Svein Olav Langåker)

Kjetil André Aamodt og Mette Nygård Havre er blant foredragshaldarane som kjem til Stord neste veke.

Henrik Mundal Andreassen

Nyskapingskonferansen vert i år arrangert den 17. oktober, og fleire kjende og profilerte personar kjem innom konferansen som held til på Stord Hotell.

Nyskapingskonferansen rettar seg mot gründerar og tilsette i lokalt næringsliv, og elles mot alle som er interesserte i trendar og innovasjon.

Aamodt til Stord

– Me er veldig nøgde med årets foredragshaldarar, og ikkje minst har me fått tak i ein god konferansier i skodespelar Torfinn Nag, seier Agnete Braathen i Atheno.

Skodespelaren, som mange kjenner frå fjernsynsserien «Familiesagaen De syv søstre» på 90-talet, kjem også til å presentera sju forskjellige foredragshaldarar. Multi OL- og VM-medaljist Kjetil André Aamodt er utan tvil den mest kjende av dei.

– Han kjem til å fortelja om korleis ein kan nå potensialet og måla sine. Han er ein av verdas mestvinnande alpinistar, og kan nok komma med eit godt råd og to, seier Agnete Braathen.

Kampen mot matsvinn

Elles kjem ein av landets fremste motivatorar Kjetil Kristoffersen til Nyskapingskonferansen. Ein veldig karismatisk og inspirerande person, som held foredrag om «Hvem vinner til slutt».

KJEM TIL STORD
KJEM TIL STORD: Kjetil André Aamodt. Foto: PRESSE

– Mette Nygård Havre kjem for å fortelja gründerhistoria si, om korleis matsvinn og avfallsreduksjon blei til folkerørsla «Spis opp maten» og som no er levebrødet hennar, fortel Braathen.

Prosjektleiar Lene Pilskog i Atheno, administrerande direktør Einar Eide i Bremnes Seashore, Eirik Kalve gründer og dagleg leiar i Podtown og leiar Grete Ingeborg Nykkelmo i Ungt Entreprenørskap kjem også for å halda foredrag under årets konferanse på Stord Hotell onsdag 17. oktober. Arrangementet er gratis for studentar, etablerarar og gründerar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut