Desse møter Stord i NM-semien

Stord J16 blei historiske då dei kjempa seg til semifinalen i NM førre torsdag.
Tysdag blei det kjent at Stord-jentene møter Stabæk i semifinalen. Den skal mest truleg spelast laurdag 21. oktober heime på Vikahaugane.
– Me håpte på heimekamp og det fekk me. No får me berre håpa endå fleire tek turen for å sjå, seier Stord-trenar Øyvind Mellemstrand.
LES OGSÅ
Heile 400 tilskodarar fekk nemleg med seg kvartfinalen mot Viking førre torsdag. Då blei Stord-jentene historiske då dei kjempa seg vidare til semifinale i NM. Kampen vann dei 3-2.
Ein av dei som let seg imponera var Sunnhordland sin journalist, Kjetil Østrem.
– Eg er ein fotballnerd, og fotballen gjev meg ein slags uforklarleg glede så å seia kvar dag – året rundt. Men eg må innrømma: Torsdagens J16-kamp er noko av det kjekkaste eg har sett i heile mitt liv, skreiv Østrem i ein kommentar etter kampen.
LES OGSÅ
No startar jobben
– Alle dei tre laga me kunne møta er gode, så eg trur ikkje det er så stor skilnad. Samtlege har landslagsspelarar. No startar jobben for å bli kjent med motstandarane, seier Øyvind Mellemstrand til Sunnhordland.
Tiller og Herd er dei andre laga som er klare for semifinalen. Medan Stord sin motstandar, Stabæk slo Snøgg 4-0 i sin kvartfinale, vann Tiller den jamne kampen mot Fløya 2-1. Herd slo Vålerenga på nye Vålerenga kultur- og idrettspark heile 3-0. Herd møter difor Tiller i den andre kampen 22. oktober.
Sterk motstandar
Ifølgje Budstikka.no er det eit sterkt lag som møter Stord i semifinalen om ein månad. Tysdag førre veke vant Stabæk j16 heile 6-0 borte mot Asker i 1. divisjon. Sigeren sikra at laget blei både serie- og krinsmeistrar.
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.