annonse

Desse skal samarbeida med Vestbo

Ny samarbeidspartner
Ny samarbeidspartner: Ola Nesse (f.v.), Gudny Kydland og Ørjan Stokka i Eiendomsmegler Vest på Stord skal driva meklartenester for Vestbo sine medlemmer. (Foto: Eiendomsmegler Vest)

Eiendomsmegler Vest inngår samarbeid med Vestbo BBL.

Vidar Hope

Garanti legg ned avdelinga på Stord, og Vestbo har inngått avtale med Eiendomsmegler Vest sitt kontor på Leirvik om å driva meklartenester for Vestbo sine medlemmer i Sunnhordland, skriv salsleiar Ola Nesse i Eiendomsmegler Vest Stord i ei pressemelding.

Avtalen gjeld frå oktober 2017, og inneber at Eiendomsmegler Vest overtek dei oppgåvene Garanti hadde, og skal blant anna bistå Vestbo sine medlemmer med eigedomsmeklartenester.

– Vestbo avd. Stord har gjennom sitt dotterselskap Vestbo Garanti Sunnhordland drive eigedomsmeklarforretning i Sunnhordland i fleire år, med mellom anna kommunane Stord, Fitjar, Kvinnherad og Bømlo som marknad. Eiendomsmegler Vest har hatt kontor på Stord dei siste 20 åra, og ønskjer med denne avtalen å utvida sitt tilbod til kundar i Sunnhordland, skriv Nesse.

Vestbo vart stifta i 1946 og er det lokale bustadbyggelaget på Vestlandet. Vestbo regionalt forvaltar om lag 15.000 bustader fordelt på 380 bustadselskap.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut