annonse

Desse vil bli rådmann

Frå politikken
Frå politikken: Akhtar Chaudhry var frå 2009 til 2013 fjerde visepresident på Stortinget. Her er han saman med Signe Ekeland. (Foto: MONICA SÆBØ / ARKIV)
Søkjer oppover
Søkjer oppover: John Karsten Raunholm er i dag skulesjef, og søkjer no jobben som rådmann i Fitjar kommune. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Fire kvinner og åtte menn har søkt på stillinga som rådmann i Fitjar kommune.

Anders Totland

Då søknadsfristen til stillinga som rådmann i Fitjar kommune gjekk ut før helga, var det komme inn 12 søknader. Blant desse er åtte menn og fire kvinner.

På lista er både tidlegare visepresident i Stortinget, Akhtar Chaudhry (56) som bur i Sagvåg, og skulesjef i Fitjar kommune, John Karsten Raunholm (57) frå Fitjar.

Søkjer oppover
Søkjer oppover: John Karsten Raunholm er i dag skulesjef, og søkjer no jobben som rådmann i Fitjar kommune. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV

Vidare på lista finn me Einar Kaland (52) frå Fitjar, Kjetil Skeie (54) frå Risør, Frank Westad (55) frå Stavanger, Rannveig Gramstad (45) frå Stord, Michael Gräfe (44) frå Haugesund, May Britt Jensen (52) frå Rennesøy, Olaug Haugen (53) frå Tingvoll og Åge Ronald Rosnes (63) frå Erdal.

To av søkjarane er anonyme.

Assisterande rådmann Svein Dale Soleng opplyser at det er tilsetjingsutvalet som skal komma med tilråding til kommunestyret, som formelt avgjer kven som blir ny rådmann i kommunen.

I tilsetjingsrådet sit ein representant frå administrasjonen og ein frå dei tilsette. I tillegg er politikarane Wenche Tislevoll, Agnar Aarskog og Sigurd Andre Maraas med.

Les også: Fitjar har starta jakta på ny rådmann

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut