annonse

– Dette er berre starten

OMBYGGING
OMBYGGING: Her skal det bli parkeringsplassar over to etasjar. (Foto: Anders Totland)
SATSAR
SATSAR: Kurt Arne Tyse kjøpte i haust Borggata Futurum saman med Tor Liverød jr.. No har arbeidet med å rusta opp eigedommen starta. (Foto: Olav Røli / arkiv)

Dei nye eigarane av Borggata Futurum tar grep for å betra parkeringstilhøva i sentrum og bygger ut over 50 parkeringsplassar.

Anders Totland

I september blei det klart at Thor Liverød jr. og Kurt Arne Tyse hadde kjøpt alle aksjane i Borggata Futurum. I eit intervju med Sunnhordland sa Liverød jr. at noko av det som hasta mest for å gjera Leirvik sentrum meir attraktivt var å få på plass ei betre parkeringsløysing, og at dette var noko dei ville diskutera med kommunen.

Tysdag kunne Stord24 fortelja at dei nye eigarane no har planane klare. Alt i februar/mars neste år reknar dei med å vera i mål med første trinn. Ved å gjera om to etasjar i eigen bygningsmasse til parkeringshus, vil dei skaffa seg 50–60 nye parkeringsplassar, med ein etasje til tilsette og ein eigen etasje til gjester.

– Skal dekka noko av behovet

– Dette skal dekka noko av behovet til dei som leiger hos Borggata Futurum, men er langt frå nok til å dekka behovet i sentrum, seier Kurt Arne Tyse til Sunnhordland.

– Kvifor er dette eit naudsynt grep å ta?

– Det er dette me driv med, og skal me få til Borggata Futurum, få inn leigetakarar og få fart i Leirvik, er me heilt avhengige av å rydda plass til parkering. Dette er første steg i den retninga, men det er klart at Leirvik sentrum treng mykje meir enn dette. Så det jobbar me vidare med, seier Tyse.

SATSAR
SATSAR: Kurt Arne Tyse kjøpte i haust Borggata Futurum saman med Tor Liverød jr.. No har arbeidet med å rusta opp eigedommen starta. Foto: Olav Røli / arkiv

Sjølv om dei nye parkeringsplassane er reservert for eigne leigetakarar, og deira gjester, trur Tyse dette vil letta på noko av presset i resten av sentrum òg.

– Men det er på langt nær nok, understrekar Tyse.

Fordel i marknaden

Han vil ikkje ut med noko prislapp på prosjektet, men seier at dei har kalkulert med at dei ikkje får igjen pengane dei bruker på parkeringsutbygginga. I alle fall ikkje på kort sikt.

– Me får ikkje dekka dette, men det bidreg til at me får ei god heilskapsløysing. Det vil igjen gje oss ein fordel, ved at folk ønskjer å leiga hos oss. Her vil ein sleppa å uroa seg for om det finst plass. Det seier seg jo sjølv at ein rekneskapsførar som har kontor i Borggata, for å ta eit døme, ikkje kan akseptera at kundane må parkera i Sæ og dra med seg permane med bilaga sine gjennom heile sentrum. Det aksepterer ikkje kundane lenger. Dessutan regnar det nesten 365 dagar i året, og dei dagane det ikkje regnar bles det så paraplyane vrengjer seg, så for oss er det heilt sjølvsagt at me må gjera noko, seier Tyse.

Les også: Slik vil Tyse byggja ut næringsområdet på Vabakkjen

Medan denne konkrete ombygginga etter planen skal vera ferdig i februar/mars, er Tyse meir tilbakehalden med resten av planane. Det han derimot kan røpa, er at det godt mogeleg kjem meir parkeringsnytt etter kvart.

– Kva tid reknar de med å ha meir klart?

– Me er nokre utolmodige sjeler, så me held trykket oppe, og jobbar tett opp mot kommunen, seier Tyse.

Les også: Fronta Maskin AS selt til bømlaselskap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut