annonse

– Dette er forferdeleg tragisk

KRISETEAM
KRISETEAM: Ordførar Peder Sjo Slettebø fortel at kommunen sitt kriseteam har jobba heile natta, og held fram utover dagen. (Foto: MARIUS KNUTSEN / ARKIV)
TRAGISK:
TRAGISK: Klokka 01.41 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ulukka på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes. (Foto: GOOGLE MAPS)

Kvinnherad kommune vil i løpet av dagen vurdera om det skal opprettast ein stad der folk kan samlast etter dødsulukka på Opsangervegen.

Anders Totland

– Det er ein frykteleg tung beskjed å få, at me har mista ein våre i ei ulukke, og at ein annan er kritisk skadd. Det er forferdeleg tragisk, seier ordførar Peder Sjo Slettebø til Sunnhordland onsdag morgon.

BAKGRUNN: Omkom i trafikkulukke

Kvinnherad-samfunnet har den siste tida opplevd fleire alvorlege ulukker, og det er mindre enn ei veke sidan fleire ungdommar blei alvorleg skadde i ei ulukke i Halsnøytunnelen – berre nokre kilometer frå der ulukka skjedde i dag.

– Å mista ungdommar er noko av det verste eit lokalsamfunn kan oppleva, og opplevinga blir ekstra sterk når me no har hatt så mange ulukker på kort tid, seier Slettebø.

Han fortel at kommunen sitt kriseteam har vore i arbeid i natt, og vil halda fram med arbeidet utover dagen.

– Dei har dialog med dei pårørande, og vil i løpet av dagen vurdera om ein skal oppretta ein samlingsstad der folk kan komma saman. Det vil i så fall komma informasjon om det på kommunen sine nettsider og i lokale media, fortel ordføraren.

TRAGISK:
TRAGISK:: Klokka 01.41 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ulukka på Opsangervegen mellom Sunde og Husnes. Foto: GOOGLE MAPS

LES OGSÅ: Begge dei involverte er lokale ungdommar

Ifølgje Slettebø har den nærmaste familien no blitt varsla om ulukka.

– Dei som har behov for bistand i denne situasjonen, kan ta kontakt med kommunen, anten ved å ringa rådhuset eller helsesenteret på Husnes, fortel Slettebø.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut