annonse

Djupt usamde om ferjekai

Isfront
Isfront: Dei to ordførarane i Stord og Kvinnherad, Gaute S. Epland (t.v.) og Peder Sjo Slettebø, er på kollisjonskurs når det gjeld vidare framdrift i arbeidet med ny ferjekai på Stord. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)

Diskusjonen mellom Stord og Kvinnherad om ny ferjekai held fram.

Magne Kydland

«Me er gjort kjende med at det er ettersendt ei sak til formannskapet i Kvinnherad der innstillinga er å oppmoda Hordaland fylkeskommune om å overta planarbeidet som regional plan, eventuelt at saka vert lagt fram for departementet med sikte på å vidareføra planarbeidet. Me vil med dette presisera at vedtaket i Stord formannskap ikkje betyr at Stord kommune trekkjer seg ut av planarbeidet. Men vilkåra for planarbeidet er grunnleggjande endra ved at departementet har gjort greie for at prosjektet ikkje let seg finansiere ved ferjeavløysingsmidlar. Når fylkeskommunen i tillegg er tydelege på at dei ikkje har høve til å finansiere det nye ferjesambandet, ser me ikkje at det er realistisk å få gjennomført prosjektet. Saksutgreiinga til Kvinnherad kommune opplyser ikkje om at gjennomføringsevne har vore eit kriterium som dei to kommunane har vore einige om gjennom heile prosessen», skriv Stord-ordførar Gaute S. Epland (Ap) og rådmann Magnus Mjør i ein e-post sendt til Kvinnherad kommune onsdag.

Bakgrunnen er at Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) ønskjer ei hastesak til formannskapet torsdag, der det frå Kvinnherad kommune blir sendt oppmoding til fylket og/eller stat om å jobba vidare med stø for ferja Stord-Kvinnherad – på Stord.

Dette som ein reaksjon på at Stord formannskap i møtet onsdag sa nei til å leggja planprogrammet ut på høyring, fordi det ikkje er finansiering med i føreliggjande planar.

– Det har ikkje vore mykje tvil om at entusiasmen for ny ferjekai på Stord er laber på øya, skriv Grenda, i omtalen av det kommande formannskapsmøte i heimekommunen.

«Stord kommune ser ikkje at det skal vera grunnlag for overføra ansvaret for planarbeidet til fylkeskommunen eller å krevja departementalt pålegg. Uavhengig av plantype må finansieringa avklarast. I Stord kommune ynskjer me eit godt og effektivt samband mot Kvinnherad, og dette arbeider me framleis for. Me kan likevel ikkje gå på tvers av reglane i plan- og bygningslova om å dimensjonere alt planarbeid etter økonomisk berekraft og gjennomføringsevne.

Innstilling i saka er ikkje eigna til å skape godt samarbeidsklima mellom kommunane. Me oppmodar formannskap og kommunestyre i Kvinnherad om å ikkje slutta seg til innstillinga, men i staden, saman med Stord kommune og fylkeskommunen, bruka energien på å arbeida mot regjering og Stortinget for å sikra finansiering av sambandet», heiter det i brevet.

Meiningar: «Nei til fleire ferjestø på Stord»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut