annonse

Dropp brua over Bjørnafjorden

DRAUM
DRAUM: Dette bør Vestlandet snart skrinleggja, skriv BA på leiarplass tysdag. (Foto: STATENS VEGVESEN, ILLUSTRASJON)

Avisa meiner E16 må rustast opp, og at draumen om ferjefritt over Bjørnafjorden må vera ein draum.

Olav Røli

I avisa tysdag tek BA, på leiarplass eit oppgjer med planane om ferjefri samband over Bjørnafjorden. Dei meiner prosjektet og politikarane har sklidd ut, og at kostnadane no er altfor høge.

«Om man hadde tatt hensyn til geografien, innsett at bro over Bjørnefjorden var urealistisk dyrt, og heller holdt seg til noe mer overkommelig geografi inni landet. Dessverre kom politikerne helt ut av kurs. Det viktigste ble å redusere kjøretiden mellom Bergen og Stavanger. Tilsynelatende kunne det koste hva det koste ville», heiter det mellom anna i leiaren.

Vidare skriv avisa at det er meir hast å få bygd ny E16 mellom Arna og Voss, rett og slett fordi strekninga er livsfarleg.

«For å si det enkelt, så er det ikke livsfarlig å reise med ferge over Bjørnefjorden. E16 må prioriteres foran fergefri E39 – om vi må prioritere. Noe vi selvsagt må», heiter det vidare.

Som ein konklusjon skriv avisa at det no nærmar seg eit endeleg farvel til bru over Bjørnafjorden, og at me i vest bør skunda oss å fortelja at E16 er viktigare. Dette fordi regjeringa snakkar om mindre handlingsrom framover.

«Det er mye å spare på å kutte fra fire til to (eller tre) felt på nye E39, og beholde noen bilferger. For eksempel på Bjørnefjorden»».

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut