annonse

– Dropp omkampen

PÅDRIVAR
PÅDRIVAR: Øyvind Halleraker i Hordfast AS jobbar for å realisera Hordfast så rast som råd. (Foto: ANDERS TOTLAND)
LYTTA
LYTTA: Rådmann Magnus Mjør (t.v.) og Hordfast-styreleiar Lars Solberg var blant tilhøyrarane, då Halleraker presenterte prosjektet torsdag. (Foto: ANDERS TOTLAND)

Øyvind Halleraker i Hordfast AS har ei klar oppmoding til kommunane i Sunnhordland.

  • Anders Totland

– Me ser kva som skjer med prosjekt der det kjem lokale omkampar. Dei blir utsett, og potensielt i lang tid, seier Øyvind Halleraker.

Den tidlegare stortingsmannen gjekk i haust over til jobben som dagleg leiar for Hordfast AS, som har som mål å få realisert Hordfast raskast mogeleg. Torsdag morgon presenterte han arbeidet, og dei mest aktuelle problemstillingane for medlemmene i Stord Næringsråd.

Eitt av spørsmåla som enno ikkje er avklara, er kor den nye E39 skal kryssa Langenuen. Medan dei fleste kommunane i Sunnhordland, og fylkeskommunen, har kjempa for sørleg kryssing, har Statens vegvesen ivra for det som blir kalla midtre kryssing, noko lenger nord.

Ligg an til å tapa

Ikkje minst er det omsynet til at Kvinnherad ein gong i tida skal kunna kopla seg til den nye vegen, som har peika mot sørleg løysing.

Skal me tru Halleraker, er det ein kamp sunnhordlendingane no ligg an til å tapa.

– Med dette alternativet kan me spara to milliardar kroner. Med det presset som er på å få ned kostnadane i heile prosjektet, må me ta innover oss at dette er ein betydeleg sum, seier Halleraker.

LYTTA
LYTTA: Rådmann Magnus Mjør (t.v.) og Hordfast-styreleiar Lars Solberg var blant tilhøyrarane, då Halleraker presenterte prosjektet torsdag. Foto: ANDERS TOTLAND

Meiningar: «Prosjekt utan kostnadstyring og realisme»

Fryktar omkamp

Han meiner kommunane framleis må få kjempa for sine synspunkt, men manar til orden i rekkjene når det endelege vedtaket etter kvart kjem.

– Det må ikkje bli omkampar her, seier Halleraker.

Vil framleis kjempa

Han får støtte frå Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap).

– Eg er heilt samd med Øyvind i dette. Me kjem framleis til å kjempa for sørleg kryssing, men dersom me taper kampen, må me godta det. Det overordna målet er å få realisert Hordfast, seier Epland.

Det same seier Sigbjørn Framnes (Frp), som òg var til stades på frukostmøtet torsdag.

– Den sørlege kryssinga er ikkje så viktig at me ikkje kan leva med den midtre, seier Framnes.

Les også: Fylkestinget vil ha fart på Hordfast

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut