annonse

«Eg føler eg har fått livet tilbake»

NYTT LIV
NYTT LIV: Karina Haaland (26) føler ho har fått livet sitt tilbake etter ein vellukka stamcelleoperasjon i Russland. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
HAUSTAR CELLER
HAUSTAR CELLER: Her haustar dei stamceller frå Haaland i Russland. (Foto: PRIVAT)
SAKNAR HÅRET
SAKNAR HÅRET: Karina Haaland har nyleg byrja å prøva seg utanfor huset utan parykk. – Det er litt skummelt, seier ho. Fletta kjærasten klipte av ho før operasjonen har paret teke vare på. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
SNART FERDIG
SNART FERDIG: Her er Haaland ferdig med cellegiftkuren i Moskva, og klargjort til å få stamcellene tilbake i kroppen. (Foto: PRIVAT)
BARBERTE KJÆRASTEN
BARBERTE KJÆRASTEN: Marius Christensen hjelpte Karina med å ta vekk håret. – Det verste var då håret fall av av seg sjølv. (Foto: PRIVAT)
GODE HJELPARAR
GODE HJELPARAR: Karina Haaland hadde med seg pappa Bjørn Haaland og kjærasten Marius Christensen til Moskva. (Foto: PRIVAT)
TURKAMERAT
TURKAMERAT: Haaland har fått energi og overskot til å gå turar igjen. Då er hunden Dex god å ha. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

+ For eit halvt år sidan reiste MS-sjuke Karina Haaland (26) til Russland for å ta ein stamcelle-operasjon. Den har endra livet hennar.

Marius Knutsen

– Før eg reiste hadde eg stort sett vondt ein eller annan stad kvar dag. Det verste var likevel hjernetåka. Eg følte meg heilt «lost», både gløymde ting og gjorde merkelege ting. Eg sleit med å konsentrera meg og hadde ikkje uthald. Eg følte meg som ein 90-åring, seier Karina Haaland.

Sunnhordland har tidlegare skrive om Haaland som valde å ta opp lån i banken då ho fekk avslag på eit stamcelleprogram på Haukeland universitetssjukehus. Operasjonen i Moskva kosta 500.000 kroner. Men etter eit initiativ frå dei næraste rundt ho, blei det samla inn heile 266.000 kroner øyremerkte operasjonen.

Ein månad i aust

– Eg blei utruleg trist då eg ikkje oppfylte alle krava til å vera ein del av forskingsprogrammet ved Haukeland. Eg bestemte meg med éin gong for at eg ville kjøpa operasjonen i utlandet, seier Haaland.

HAUSTAR CELLER
HAUSTAR CELLER: Her haustar dei stamceller frå Haaland i Russland. Foto: PRIVAT

Haaland vende snuten mot aust i april. Forskingsprogrammet i Norge starta ein månad tidlegare. Det kom etter at regjeringa løyvde kring 20 millionar kroner til ny forsking som kan gje svar på om stamcellebehandlinga bør bli dekt av staten, på lik linje med medisinar.

– Behandlinga går ut på å henta ut stamceller av kroppen, for så å bruka cellegift til å ta knekken på immunforsvaret. Etterpå blir stamcellene sett inn igjen, og kan utvikla seg til eit nytt, friskare immunsystem, forklarar Haaland.

Ifølgje forsking.no har truleg rundt 250 MS-pasientar i Norge sjølv betalt for stamcellebehandling i utlandet.

Redd og nervøs

– Eg var ganske nervøs og redd då eg sette meg på flyet. Heldigvis hadde eg både pappa Bjørn og kjærasten min, Marius Christensen, med på turen til Russland, seier Haaland.

Nervane roa seg kjapt då ho kom fram til sjukehuset i den russiske hovudstaden.

– Det var utruleg spesielt å komma dit. Men det var noko med atmosfæren på sjukehuset og folka som jobba der. Eg roa meg med ein gong me kom fram, held Haaland fram.

SAKNAR HÅRET
SAKNAR HÅRET: Karina Haaland har nyleg byrja å prøva seg utanfor huset utan parykk. – Det er litt skummelt, seier ho. Fletta kjærasten klipte av ho før operasjonen har paret teke vare på. Foto: MARIUS KNUTSEN

Dei første dagane ved sjukehuset gjekk med til å ta ulike testar.

– Etter ei lita veke, hausta dei stamcellene mine over to dagar. Så byrja eg på cellegifta, seier Haaland.

Nærast symptomfri

– Eg merka ikkje mykje til cellegifta. Eg må ha vore utruleg heldig. Sjølv om det sjølvsagt var nokre ubehagelege hendingar, gjekk det utruleg fint, seier Haaland.

Etter cellegiftkuren var det tid for å setja stamcellene inn igjen.

– Då var det utruleg mange som stod rundt meg. Det heile måtte skje veldig raskt. Då dei sprøyta det inn, hugsar eg at det var litt ekkelt. Så fekk eg ein merkeleg tomatsmak i munnen. Men då det var over, gjekk det heilt fint.

SNART FERDIG
SNART FERDIG: Her er Haaland ferdig med cellegiftkuren i Moskva, og klargjort til å få stamcellene tilbake i kroppen. Foto: PRIVAT

Då stamcellene var inne, starta den tyngste tida for den unge fitjarbuen.

– Då måtte eg liggja på isolat heilt til prøvane viste at immunforsvaret mitt var sterkt nok til at eg kunne komma ut igjen. I tillegg måtte kjærasten min reisa heim igjen. Heldigvis kunne eg helsa på pappa gjennom vindauga på rommet, seier Haaland.

Mista håret

Medan ho låg åleine, isolert frå omverda, skjedde noko ho allereie hadde budd seg på.

– Eg visste jo at eg kom til å mista håret mitt. Difor barberte eg meg før det skjedde. Men då eg låg på isolat, mista eg håret heilt. Først var det berre delar av hovudet som mangla hår. Det var ikkje noko særleg, seier Haaland.

BARBERTE KJÆRASTEN
BARBERTE KJÆRASTEN: Marius Christensen hjelpte Karina med å ta vekk håret. – Det verste var då håret fall av av seg sjølv. Foto: PRIVAT

Nytt liv!

Vel heime i Norge har det no gått nærare eit halvt år sidan operasjonen i slutten av april.

– No føler eg at eg har fått livet mitt tilbake. Det er heilt uverkeleg, seier Haaland.

Smertene ho kjende på kvar dag før ho reiste er så godt som vekke. Ho har fått meir energi og gler seg til å ta fatt på framtida.

– Eg har til og med byrja å studera. Det var utenkjeleg før. Eg er utdanna pedagogisk leiar, og elskar å jobba med born. Eg må likevel passa meg for å stressa for mykje i kvardagen for ikkje å bli sjuk i framtida. Difor tek eg no eit nettstudie som heiter born med spesielle behov – slik at eg kan ha ansvar for mindre grupper når eg kjem meg ut i jobb igjen, seier Haaland.

GODE HJELPARAR
GODE HJELPARAR: Karina Haaland hadde med seg pappa Bjørn Haaland og kjærasten Marius Christensen til Moskva. Foto: PRIVAT

Les også: Starta kronerulling for MS-sjuke Karina (25)

Gode resultat

Oppfølginga får ho i Norge. Prøvane etter operasjonen i Russland viser stor framgang.

– Prøveresultata har vore heilt utrulege. Eg er mykje betre på alt samanlikna med før operasjonen. Eg har heller ikkje hatt nye attakk. På den siste MR-en eg tok på Haukeland, viste det seg også at det eine arret eg hadde bak i nakken har gått vekk. Det er noko som eigentleg ikkje skal skje, så det er ein stor bonus på toppen av det heile, seier Haaland.

Saman med kjærasten bur ho no i Fitjar. Framtida ser endeleg lys ut.

– Eg er så takksam. I april skal eg tilbake til Russland for eittårskontroll. Også det gler eg meg veldig til.

Kasta parykken

Sidan Haaland mista håret, har ho stort sett gått med parykk. Då ho fekk besøk av ei ho blei kjend med på sjukehuset i Russland, valde ho å gå utan.

– Eg elskar å trena, då er det ikkje noko særleg å gjera det med parykk. Før ho kom på besøk har eg ikkje vore komfortabel med å gå utan. No har eg byrja å prøva. Det er framleis litt skummelt, seier Haaland.

TURKAMERAT
TURKAMERAT: Haaland har fått energi og overskot til å gå turar igjen. Då er hunden Dex god å ha. Foto: MARIUS KNUTSEN

Det er også ein annan ting 26-åringen ventar på.

– Det er enno for tidleg å seia om eg kan bli gravid eller ikkje. Det blir veldig spennande. Me eg håpar verkeleg å få ungar. Heldigvis fryste me ned egg om noko skulle skje, seier Haaland.

– No føler eg berre at eg ikkje får takka lokalsamfunnet nok for at dei har bidrege så mykje til operasjonen min. Eg er evig takksam.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut