annonse

– Eg forstår det ikkje

SKUFFA
SKUFFA: Sigbjørn Framnes i Stord Frp (t.v.) og Øyvind Kyvik i Stord Høgre, her under valdagen måndag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Øyvind Kyvik (H) og Sigbjørn Framnes (Frp) innrømmer at dei er skuffa – men ønskjer likevel koalisjonen lukke til vidare.

Henrik Mundal Andreassen

Torsdag kveld vart det klart at Senterpartiet og KrF ikkje gjekk inn for eit samarbeid med Frp og Høgre.

Dette betyr i teorien at dagens koalisjon med Stord Arbeidarparti og noverande Stord-ordførar Gaute Straume Epland i front, blir verande i fire nye år til.

Meiner Sp er tvitydige

– Me kom med eit veldig godt tilbod, der eg ikkje heilt forstår kva det er som gjer at dei ikkje ønskjer å takka ja, med tanke på den økonomiske utviklinga kommunen har vore i dei seinare åra, seier ordførarkandidat Øyvind Kyvik i Stord Høgre.
 

Kyvik meiner signala Jakob Bjelland og Senterpartiet sender ikkje er i tråd med kva som har blitt sagt i valkampen, om at dei opnar opp for samarbeid på begge sider.

– Det er ikkje ein einaste politisk sak i vårt utkast som me har fått tilbakemelding på at Senterpartiet og KrF er ueinige i, seier Kyvik.

– Når no borgarleg side har bevegd seg fram, og koalisjonen tilbake, så er det ikkje tvil om at bebuarane på Stord er tydelege på at det er eit borgarleg sentrum dei vil ha. Så desse konsekvensane får Senterpartiet og KrF no ta, i lag med koalisjonen, seier Kyvik.

– Jakob kunne blitt ein god ordførar

Sigbjørn Framnes ønskjer Senterpartiet og KrF lukke til i koalisjonen med Arbeidarpartiet. Likevel innrømmer han at det er skuffande. Om ikkje for Frp, så for veljarane til Frp på Stord.

– Kvar femte stordabu stemte på oss, så det er jo klart at me hadde håpa på at me materialiserte oss i ein posisjon saman. Sånt sett føler eg på ein skuffelse ovanfor dei som stemte på oss, som no ikkje får full utteljing, seier Framnes.

– Me kjem i alle fall til å vera tydelege og konstruktive i opposisjon, og kjem spesielt til å vera tydelege ovanfor innbyggjarane og næringslivet i Stord, seier Framnes, som trur Jakob Bjelland hadde blitt ein god ordførar.

– Eg trur Jakob hadde blitt ein god ordførar for Stord. No blir han nok ikkje det, i den koalisjonen som kjem til å fortsetja. Men han får jo halda fram som nestleiar då, seier Sigbjørn Framnes.

– Forstår skuffelsen

Stord Senterparti sin ordførarkandidat Jakob Bjelland meiner dei ikkje har vore tvitydige under valkampen.

– Eg forstår at Øyvind er skuffa over valet me gjer. Det har han rett til å vera. Eg meiner me ikkje har vore tvitydige, og meiner me har gjort kva me har sagt me skal gjera i valkampen.

– Stord Senterparti har alltid vore open for eitt samarbeid begge vegar?

– Ja. Me gjekk inn i forhandlingane med eit ope sinn og har vore opne for at me kunne finna løysing, seier Jakob Bjelland.

Få med deg alt om valet på Stord og Fitjar her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut