annonse

– Eg peprar han med Twitter-meldingar

: Anne Catherine Skaar, overlege og tillitsvalt i Helse Fonna, har fleire gonger prøvd å nå gjennom til Bent Høie på Twitter. Førebels utan resultat. Her med stortingsrepresentant Kjersti Toppe på Stord sjukehus.
(Foto: OLAV RØLI)

Anne Catherine Skaar er overlege ved Stord sjukehus. Ho brukar Twitter-kontoen for å nå fram til helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). Førebels utan resultat.

Olav Røli

Skaar er ei av dei som har engasjert seg sterkt i kampen mot innhaldet i Nasjonal helse- og sjukehusplan som vart lagt fram for to veker sidan. Ho har mellom anna forsøkt å få svar frå helse- og omsorgsminister Bent Høie på Twitter.
 
 
 
Eit av spørsmåla er: 
 
 
 

 

Bullshit

Ho har også kommentert meldinga frå Bent Høie, der han legg ut ei lenkje til ein leiarartikkel i Aftenposten som er veldig positiv til planen, og der Høie skriv «Ikke bare bullshit».
 
 
Skaar svarar til Høie med følgjande:
 
 
«Jo: Stord er sykehuset med flest akuttinnleggelser av alle lokalsykehus. Dette er bestillingsverk. Spm er kven som har bestilt,» heiter det i Twitter-meldinga.
 
 
 
– Om eg har fått svar? Nei. Det verkar ikkje som om han er interessert i å kommentera kritikk. Han legg berre ut meldingar der folk er einige med han, meiner Skaar.
 
 
 
Skaar, som torsdag var i møte med stortingsrepresentant Kjersti Toppe på Stord sjukehus, er særs kritisk til planen. Dette har ho ved fleire høve forsøkt å kommunisera til Høie.
 
 
 
LES OGSÅ: Fylte Torget med faklar
 
 
 
– Eg har pepra han med Twitter-meldingar, seier ho.
 
 

Belegg

Skaar meiner det er ein rad feil i planen. Og at ein allereie i førebuingane har ei haldning mot små sjukehus som gjer at folk meiner at større sjukehus er best.
 
 
 
– Ein har ikkje noko belegg for å seia at det er mykje betre på større sjukehus. Komplikasjonar skjer på alle sjukehus, men her på Stord ligg sjukehuset i eit lite og gjennomsiktig miljø. Skjer det noko her, så veit alle om det. Skjer det på større sjukehus, får ingen vite om det, meiner Skaar.
 
 
 
Og meiner at om Høie får det slik han vil, så vil det eine tilbodet etter det andre rakna for Stord sjukehus.
 
 
 
– Utan akuttkirurgi er det mykje som forsvinn. Og til slutt står me igjen med fødeavdelinga. Men då er det igjen lite økonomisk gunstig å ha eit heilt team på vakt for det eine keisarsnittet som skjer om natta i løpet av ein periode på to, tre månader. Så fødeavdelinga vil forsvinna om akuttkirurgien forsvinn. Ikkje med ein gong, for det vågar dei ikkje å seia, men etter kvart, meiner Skaar.
 
 

Mange meldingar

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) skriv i ein e-post til Sunnhordland at han får svært mange meldingar på Twitter.
 
 
 
– Eg rekk ikkje å svara på alle, og nokon gonger det heller ikkje mogeleg å svara på spørsmål på Twitter, der ein har ei avgrensing på 140 teikn. Men ofte finn ein svara i planen, som også er delt på Twitter, skriv Høie. Og legg til at han godt forstår engasjementet, og synest det er flott at tilsette er engasjert i Nasjonal helse- og sykehusplan.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut