annonse

– Eg vart så forbanna at eg starta underskriftskampanje

FORBANNA
FORBANNA: Jan Inge Aasheim er mykje på Biltema, og starta underskriftskampanje då han høyrde at dei kan forsvinna frå Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)
KAN FORSVINNA
KAN FORSVINNA: Biltema vil ikkje halda fram i sine lokal på Heiane, og ville inn i større. Men Fylkesmannen har sett ned foten. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Jan Inge Aasheim fekk i gang underskriftskampanje for Biltema, etter å ha lese at dei ville leggja ned på Stord.

Olav Røli

– Eg meiner heile greia er galskap, rett og slett. Her snakkar dei så mykje om miljøet, men å lata folk køyra til Haugesund for å gå på Biltema er heilt greitt, seier ein forbanna Jan Inge Aasheim.

Då han måndag ettermiddag såg i Sunnhordland at Biltema fekk nei frå Fylkesmannen i Rogaland til å opna på Heiane vest, og at kjeda ville pakka saman på Stord, starta han opp ein digital underskriftskampanje.

I 20.30-tida måndag kveld hadde over 90 skrive under. Kommentarane var mellom anna at Stord treng Biltema, at dei ikkje ville køyra til Haugesund, og at dette betydde arbeidsplassar på Stord.

– Eg reagerer veldig på at dei har stoppa noko som ville ha vore svært positivt for Stord. Både for arbeidsplassar, men også for å gjera øya attraktiv for andre, seier Aasheim.

LES OGSÅ: Stord-ordføraren er skuffa og overraska
 

Han meiner Stord no har fått mange gode butikkar, og at Biltema ville ha vore veldig bra og fått.

– Dette meiner eg vil øydeleggja mykje for utviklinga på øya, seier han, og lurer på om fylkesmennene i Rogaland og Hordaland har ein slags avtale seg i mellom om å stoppa Biltema.

Aasheim oppmodar folk om å skriva under, slik at dei får vist kor mange som bryr seg om butikketableringa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut