annonse

– Eg ville vore optimist

: Nestleiar Torgeir Micaelsen (Ap) i Helse- og omsorgskomiteen besøkte fredag Stord sjukehus, saman med resten av helsefraksjonen frå Arbeidarpartiet. I bakgrunnen Line Kysnes Vennesland, Ruth Grung, Tove Karoline Knutsen og Harry Herstad. Magne Rommetveit med ryggen til.
(Foto: MARIUS KNUTSEN)

Ap-topp Torgeir Micaelsen lovar å jobba vidare for at Stord sjukehus får bevara tilbodet om akuttkirurgi. På fredag fekk han fakta på bordet av den lokale leiinga og tillitsvalde.

  • Anita Haugland

– Eg fekk mykje ut av møtet på Stord. For oss som er nasjonale politikarar gjev det oss stor verdi å høyra argument fakta frå fagfolk som faktisk jobbar på sjukehuset, seier Torgeir Micaelsen (Ap), nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen etter møtet.
 
 
 
 
Han meiner han no har eit endå betre grunnlag for å jobba vidare for at Stord sjukehus skal bevara akuttkirurgien ved Stord sjukehus.
 
 

Stilte spørsmål

På fredag kom Arbeidarpartiet sin helsefraksjon på besøk til Stord sjukehus, med mål om å orientera seg kring situasjonen rundt sjukehuset. Som Sunnhordland tidlegare har skrive, er Stord sjukehus eitt av fem i landet som risikerer å mista akuttkirurgisk beredskap, etter at helse- og omsorgsminister Bent Høie la fram forslag til Nasjonal helse- og sjukehusplan 20. november. Stortinget skal behandla planen til våren.
 
 
 
 
– Korleis er de organisert? Korleis vurderer de situasjonen? Kvifor har de hamna på denne lista til Bent Høie, og kva vil de at me skal gjera med denne situasjonen? spurde Torgeir Micaelsen i møtet.
 
 
 
 
Han fekk tydeleg svar frå dei tillitsvalde som hadde møtt opp, om at sjukehuset kom til å ta eit steg 20 år tilbake i tid, dersom akuttkirurgien blir fjerna.
 
 
 
 
Initiativtakarane til møtet, Magne Rommetveit og Harry Herstad var også til stades.
 
 
 
 
– Som tidlegare ordførar på Stord fekk eg vera med på mykje kjekt, men ikkje alt var kjekt. Eg var ordførar då passasjerane til "Sleipner" blei frakta til Stord, og fekk varme teppe rundt seg på rådhuset, før dei blei sende til Stord sjukehus. Eg har opplevd to dramatiske ulukker ved flyplassen på Stord, og fleire stygge trafikkulukker. I slike situasjonar er det greitt å ha eit sjukehus som er nært, seier Magne Rommetveit i møtet.
 
 
 
 
Utfordrande geografi ved dårleg vêr og befolkningsvekst var nokre av argumenta som blei nemnde.
 
 
 
 
– Me stiller mange spørsmål til lista til Bent Høie. Planen skaper uro, og me skal bidra til å få klarheit i dei faktiske forholda. Difor er det viktig for oss å vera her, seier Micaelsen.
 
 

Lovar ingenting

Han meiner både befolkningsgrunnlaget, som nærmar seg grensa som sjukehusa generelt i Norge bør organiserast etter i hans auge, geografi, stor fødeavdeling, helsetenester av høg kvalitet og uttalar frå ulike direktørar i debatten talar for at sjukehuset skal organiserast vidare slik det blir gjort i dag.
 
 
 
 
– Eg tenkjer at eg ville vore optimist, om eg var eg dykk. Sjølv om ikkje Arbeidarpartiet kjem til å diktera korleis enkeltfunksjonar skal organiserast på sjukehusa, så skal me bidra til å skapa tryggleik for utvikling, og for at det skal satsast på sjukehus i denne storleiken. Eg meiner eg det er all grunn til å vera optimistisk, særleg når de har ekstremt oppegåande tillitsvalde som tek var på interessene for Stord sjukehus, seier Micaelsen.
 
 
 
 
Han ville likevel ikkje lova noko bestemt.
 
 
 
 
– Det kjem sikkert nok av folk på besøk som seier at dei kan garantera for at det skal vera slik og slik og slik, men eg trur det er betre å vera ærleg. Me skal bidra til å etablera nokre hovudprinsipp som sjukehusa skal styrast etter, og då meiner me at hovudregelen bør vera at sjukehusa blir organisert på den måten det blir gjort på Stord. Me var overraska over å høyra at dette og fleire andre sjukehus var hamna på ei liste utan at det er klart kva som er grunngjevinga for det, men me får me sjå kva som skjer vidare. Me skal bidra til å vera konstruktive og kritiske til regjeringa sitt opplegg, seier Micaelsen.
 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut